Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskpraktikant i NRK

 (05.10.2005)

Melding. 05.10.05. Nynorsk mediesenter tek frå 2. januar 2006 inn fem nynorskpraktikantar for opplæring i seks månader. Dei får lære journalistikk for radio, fjernsyn og internett og nynorsk eterspråk. Søknadsfrist er 7. oktober.

Nynorsk mediesenter tek frå 2. januar 2006 inn fem nynorskpraktikantar for opplæring i seks månader. Dei får lære journalistikk for radio, fjernsyn og Internett og nynorsk eterspråk. Opplæringa skjer i hovudsak gjennom praktisk arbeid i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Dei to siste månadane skal praktikantane ha praksis i andre redaksjonar, i og utanfor NRK.

Dei som vert tilsette, må ynskje å bli journalistar. Vi leitar fyrst og fremst etter samfunnsengasjert ungdom med ei ”brennande sjel” og ei god røyst. Det krevst gode allmennkunnskapar og godt språk, både skriftleg og munnleg. Interesse for radio-og fjernsynsarbeid må dei ha, og gjerne litt røynsle i journalistikk, men det er ikkje eit krav.

Det er ein føresetnad å ha fullført vidaregåande skule. Ynskjer du å bli nynorskpraktikant må du sende oss ein skikkeleg søknad med attestar og vitnemål, og vi tilset etter intervju og studiotest. Praktikantane får løn i opplæringstida. Det er inga bindingstid til NRK etterpå, men heller ikkje garanti om arbeid.

Lurer du på noko kan du ringe leiaren:
Magni Øvrebotten på 970 55 201

Eller ta kontakt: <a href="mailto:nynorskmediesenter@nrk.no">nynorskmediesenter@nrk.no</a>

Sjå også: <a href="http://www.nynorskmediesenter.no/go.cfm?id=41889">www.nynorskmediesenter.no</a>

Ynskjer du å bli nynorskpraktikant i Nynorsk mediesenter frå 2. januar 2006 må du sende ein søknad innan 7.oktober.

Merk søknaden : ”Nynorsk 03/05”
Nynorsk mediesenter
Postboks 100
6801 Førde

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no