Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ja til rock på norsk!

 (03.10.2005)

Pressemelding frå Norsk Målungdom 03.10.05: - I eit norsk rockmuseum må rock på norsk få ein framtredande plass, seier Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom.

Det er planar om å byggja eit eige museum for norsk rock, og Norsk Målungdom meiner eit slikt museum kan vera eit bra tiltak for å synleggjera den norskspråklege musikken.

- Band som Jokke og Valentinerne, Gåte og Kaizers Orchestra har vore føregangsfigurar når det gjeld musikk på norsk, seier Synnøve Midtbø Myking.
- Der mange artistar syng på engelsk, har dei tord å bruka morsmålet sitt og såleis skilja seg ut frå mengden. Slike førebilete har gjort det lettare for unge artistar som vil syngja på norsk. I eit norsk rockmuseum må rock på norsk få ein framtredande plass!

For meir informasjon:

Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom: tlf. 90 02 66 18

Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no