Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk redaktørpris til Nationen!

 (01.10.2005)

Laurdag 1. oktober vart Nynorsk redaktørpris delt ut. Prisen går til Tove Lie, sjefsredaktør i Nationen.
– Redaktøren og avisa har i sine spaltar synt eit klart standpunkt for nynorsk i media, og oppmodar til nynorskbruk blant eigne journalistar. Difor er Mediemållaget svært glade for å kunne gje Nynorsk Redaktørpris 2005 til Nationen, seier Inger Johanne Sæterbakk, leiar i Mediemållaget.

Formålet med prisen er å gje ei ekstra oppmuntring til dei redaktørane vi synast gjer ein ekstra innsats for nynorsk som mediespråk. Redaktørane er premissleverandørar for språkpolitikk og språkhaldningar i sine redaksjonar, og Mediemållaget ønskjer å oppmuntre dei redaktørane som gjev nynorsken gode levekår ved å opne for god journalistikk på denne målforma.

Prisen vil bli delt ut på Det Norske Teateret i dag laurdag 1. oktober klokka 14.00.

Det er Mediemållaget som står bak Nynorsk redaktørpris. Mediemållaget er ei samanslutning av journalistar og informasjonsmedarbeidarar som arbeider på og for nynorsk. Mediemållaget er eit yrkesmållag i Noregs Mållag. Tidlegare har Hilde Haugsgjerd og Cathrine Sandnes i Dagsavisen fått Nynorsk redaktørpris.

For meir informasjon kontakt Inger Johanne Sæterbakk, leiar i Mediemållaget tlf 958 00 060




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no