Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ikkje raser biblioteka!

 (30.09.2005)

Pressemelding frå Norsk Målungdom 30.09.05:
- Biblioteka er ein av grunnsteinane i velferdsstaten, og må sikrast gode levekår! seier Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom.

Oslo har denne hausten vore vert for ein stor konferanse om biblioteka i verda.
- Men i vertsbyen forsvinn bibliotek etter bibliotek, og den økonomiske stoda for dei som er att vert verre for kvart år, seier Synnøve Midtbø Myking. Norsk Målungdom vil at osloborgarar skal møta eit bibliotek med alle slags media på eit breitt utval av språk.

I tusenvis av år har biblioteket vore ein møteplass for folk frå ulike kulturar. I dag er denne møteplassen viktigare enn nokon gong. Særleg er det i vårt samfunn naudsynt at folk med ein annan kulturbakgrunn enn den norske har enkel tilgong på norske aviser, bøker, blader og andre media, samstundes som alle må få høve til å lesa på sitt eige morsmål. - Dette har ikkje byrådet i Oslo teke inn over seg.

Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no