Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kringkastingsprisen til Are Kalvø

 (30.09.2005)

Melding. 30.09.05. I grunngjevinga framhevar juryen at Are Kalvø er ein av kringkastinga sine fremste nynorskbrukarar. Utdelinga går føre seg på Det Norske Teatret fredag 30.september kl 12.30.

Han har nytta nynorsk og dialekt i satireprogrammet "Hallo i uken" sidan 1993, og har her vore med å forma satiresjangeren og gjort han til sin eigen. Her har Kalvø nytta eit folkeleg nynorsk som både er humoristisk og slåande. Slik har han slått an med nynorsk i vide krinsar, og blitt ein folkekjære humorist i Noreg. Ikkje minst har Kalvø medverka til at ein kan tulle på nynorsk, ikkje berre med nynorsk. Han har etterkvart utvida verkeområda sine og er no både forfattar, skodespelar og spaltist. Slik spreier Kalvø nynorsken vidare og inn i krinsar der nynorsken ikkje alltid står like sterkt.

- Kringkastingsringen ønskjer å heidre Are Kalvø fordi han er ein god ambassadør for nynorsken. Me er mange som set oss framfor radioen for høyre han. Med eit tydeleg språk, anten nynorsk eller ei kva for dialekt som helst. Are Kalvø er ei særs populær radiorøyst, og det er mange som ynskjer at han skal få denne prisen.

Are Kalvø (f. 1969) kjem frå Stranda på Sunnmøre. Kalvø er mest kjend som programleiar i NRK P2s satiriske vekemagasin "Hallo i uken", men har òg vore radiokåsør i NRK, programeleiar i NRK Nattradioen og er spaltist i spaltist i Dagsavisen og Bergens Tidende. Han har og skrive ei rad med bøker og debuterte i fjor som skjønnlitterær forfattar. For tida er han aktuell med revyen "Det folk vil ha" på Det Norske Teatret.

Kringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad, Delt stein, av kunstnaren Sveinung Iversen frå Voss.

For meir informasjon:
Unn Aarrestad, styreleiar, tlf. 975 62 035
Marit Aakre Tennø, dagleg leiar, tlf. 454 71 716

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no