Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sats på kvensk!

 (29.09.2005)

Pressemelding frå Norsk Målungdom 29.09.05: – Det er med glede me ser at den fyrste kvenske pop-singelen, Kadomu loru, har kome, seier leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Midtbø Myking.

- Dette er ein fin måte å syna fram kvensken som eit levande bruksspråk på, og me ynskjer Karine Jacobsen og Kine Johansen lukke til!

– Samstundes ser me at det er ein lang veg å gå før framtida til kvensk er sikra, seier Synnøve Midtbø Myking. – Sidan kvenane omsider har vorte ein nasjonal minoritet i Noreg, har styresmaktene eit andsvar for å vitalisera det kvenske språket.

Norsk Målungdom meiner at staten lyt gje tilbod om opplæring på kvensk på alle alderstrinn, stø den kvenske avisa Ruijan Kaiku slik at ho kan koma ut kvar veke, tilsetja ein eigen statssekretær for nasjonale minoritetar i Noreg og produsera ei offentleg utgreiing om historia til kvenane og kva rettar dei må få i dag.

Språkdaude er eit problem i heile verda. Norsk Målungdom vil ikkje at dette òg skal råka minoritetsspråk her til lands. Kvensk språk er ein verdfull del av norsk kultur og historie, og lyt satsast på!

For meir informasjon:

Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom: tlf. 90 02 66 18 (m)

Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no