Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Alle breibandselskap bør ha domeneadresse på nynorsk

 (22.09.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 22.09.05. BKK Bredbånd A/S kunngjorde denne veka at dei har oppretta domenenamn på nynorsk. Tidlegare har privatkundar automatisk fått domenenamn hjemme.no. No får dei tilbod om heimstad.no eller heimtuft.no.

– BKK har mange nynorskbrukande kundar og det er gledeleg at BKK tek tak i dette og gjer det mogleg for kundane å velje mellom bokmål og nynorsk, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag meiner at det burde vere sjølvsagt at breibandverksemdene tilbyr nynorskdomene. I dag er det anten bokmål eller engelsk som dominerer.
Telenor har online.no, UPC Broadband har chello.no, og NextGenTel har broadpark.no.

For meir informasjon: Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 91 80 56 20
(m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no