Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utan eit ord nynorsk

 (22.09.2005)

Melding. 22.09.05. Den nye nettstaden har eit moderne design, og ei rekkje spennande artiklar mynta på ungdom, skriv Nynorsk Pressekontor. Men ikkje eit ord på sida er skreve på nynorsk. Nestleiar i Noregs Mållag, Eli Bjørhusdal, synest det er merkverdig at Stortingsadministrasjonen ikkje held seg til lovverket om målbruk som Stortinget sjølv har vedteke.

– Alle delar av Stortinget burde følgje sine eigne prinsipp. Spesielt når sida er retta mot ungdom, så blir det eit pedagogisk problem når den eine av to likeverdige målformer ikkje er representert, seier Bjørhusdal til Nynorsk Pressekontor.

Bjørhusdal er sjølv lærar og kunne tenkje seg å bruke nettsida i undervisning. Målsetjinga for nettsida er å leggje grunnlag for auka forståing av Stortingets arbeid og vonleg vere ei kjelde til auka engasjement. Det er mellom anna lagt vekt på å fortelje målgruppa korleis dei sjølve kan påverke dei politiske vedtaka gjennom ulike former for politisk deltaking.
– Som lærar veit eg kor mykje vi brukar internett i undervisninga. Og dette er ein typisk nettstad vi kunne ha brukt. Synd den ikkje finst på nynorsk, så vi kunne brukt den med «godt samvit», seier nestleiaren i Noregs Mållag.

Heva over lova
Stortinget, og dermed Stortingsadministrasjonen som er ansvarleg for nettsida, er formelt heva over både mållova og andre lover. Stortingspolitikarar har til dømes ikkje noko fast arbeidstid, og har inga arbeidsmiljølov dei kan vise til.
Røykjelova gjeld heller ikkje på Stortinget, og ein kvar representant kan med lova i hand røykje seg grå på sitt eige kontor. Web-redaktør for Tinget.no, Anita Blomberg, fortel at det ikkje finst planar for ein nynorsk versjon av nettstaden.
– For oss er det eit spørsmål om ressursar. Vi har ingen planer om å lage ein nynorsk versjon, seier Blomberg, og viser til at Stortinget formelt er unntatt frå lov om målbruk i offentleg teneste, og at desse reglane derfor ikkje gjeld. (NPK)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no