Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Statsforvaltninga bryt konsekvent mållova!

 (19.09.2005)

Melding. 19.09.05. - Statsforvaltninga bryt konsekvent mållova, seier Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum. Han har lansert Nynorsk faktabok i dag. Ei bok som syner den største dokumentasjonen av norsk språk nokon sinne.

I Nynorsk faktabok er det 351 tabellar og 45 figurar på 785 sider. Mykje å ta av, altså, men det Grepstad ynskja å fokusera på, var den store mangelen på nynorsk på heimesidene til statlege organ. Av 173 nettstader hadde berre tolv oppfylt mållova, som krev at båe målformer skal vera representerte med minst 25%.

Verstingliste
- Det er eit stort, demokratisk problem at ikkje statsforvaltninga fylgjer mållova, seier Ottar Grepstad, og legg fram ei ”verstingliste”, kor ein mellom anna kan lesa at Barneombodet nyttar 1,4% nynorsk på sine nettsider. Dette ombodet har som oppgåve å syta for at barn og unge sine rettar ikkje vert trakka på, samstundes som dei sjølv bryt unge folk sin rett til å møta nynorsk på veven.

Brukar for lite nynorsk
Nestleiar ved Barneombod Knut Haanes, har lete seg intervjua av TV2 Nettavisen. Han må svare for språkbruken til Barneombodet.
- Kvifor bryt de mållova?
- Me rapporterer årleg til Språkrådet, og dei siste åra har me ein markert framgang. Problemet er at me har ei veldig stor nettside, kor mykje gamal tekst er på bokmål. Sjølv om me nyttar mykje meir nynorsk no, vert det difor vanskeleg å få opp prosenttalet. Mellom anna kjem nyhendebrevet vårt på båe målformer, og dette er det mest utetterretta og viktige me legg ut på heimesidene.
Knut Haanes kan heller ikkje garantera at 25% av teksten som er frå 2005 er på nynorsk.
- Me prioriterer vår primæroppgåve, som er å sikra rettane til barn og unge, seier Haanes. Han går med på at det er eit dilemma at det å møta nynorsk på heimesidene til Barneombodet er nett ein slik rett, som Barneombodet dimed undergrev.

Statistisk portrett
Nynorsk faktabok kan vera ein god reiskap for å dokumentera slike brot på mållova. Men det finst mykje anna å lesa om ein vil vita meir om språkstoda i Noreg.
- Dette er eit statistisk portrett av norske språkbrukarar, seier Grepstad, og viser mellom anna til at det i 2003 var like mange på nynorske gudstenester som på fotballkamp i eliteserien.

Boka er ærleg, og syner både framgang og stagnasjon for nynorsken. Til dømes er heile 30,4% av cd-utgjevingane på nynorsk eller dialekt, samstundes som berre 5% av barnebøkene var på nynorsk i 2000. Slik kan ein finna ulike røynder om ein vil, samstundes som boka har freista syna røynda. Alt i alt har dette vorte ein murstein av dimensjonar. Men vonleg òg ei nyttig og brukarvenleg bok, som kan avliva mange av mytane kring nynorsken.

Jens Khil
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no