Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsksigrar på valdagen!

 (14.09.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 14.09.05. På valdagen måndag 12. september var det folkerøysting om skulemålet på Holet skule (Hol kommune) i Hallingdal og Ålgård skole (Gjesdal kommune) på Nord-Jæren. Båe stadene vann nynorsken. Røystetala vart slik:
Holet: nynorsk 221, bokmål 71 (75,6 % nynorsk)
Ålgård: nynorsk 359, bokmål 306 (54 % nynorsk)

– Dette var ein god dag for nynorsken og for skuleelevane på dei to skulane, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag.

– Resultatet viser at det er lett å mobilisere folk for nynorsk ved slike røystingar: i tillegg til dei opplagte føremonene det er å lære nynorsk som fyrste opplæringsspråk, går folk mann av huse for å røyste nynorsk av di dei har kjærleik til språket. Det synest ikkje å vere like lett å hyse same kjærleiken til hitt målet, seier Tungesvik. Difor lyt dei som ynskjer kaste nynorsken ut or skulane mobilisere folk på eit negativt grunnlag og det er ikkje allvegen like lett. Mållaga i Hol og Gjesdal har saman med nynorskvener gjort eit flott arbeid i samband med folkerøystingane, seier Tungesvik.

– Folkerøystingar om skulemålet er ein viktig berebjelke i norsk språkpolitikk. Språket i skulen er attåt språket i media avgjerande for språkutviklinga i heile landet. Diverre er det eit stort fleirtal av stader i Noreg, særleg der bokmål alltid har vore opplæringsspråk, som aldri har halde slike folkerøystingar. Noregs Mållag vil vurdere å gjere opptak til slike røystingar slik at folk endeleg kan få vere med å diskutere og avgjere språkutviklinga dei med, seier Tungesvik.

Les meir om saka i Gjesdal hjå <a href="http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_rogaland/5050448.html">NRK Rogaland</a>. Les også meir om saka i Hol kommune hjå <a href="http://www.hallingdolen.no/">Hallingdølen</a> (her må du klikke deg vidare på knappen "Lokale nyheiter") eller <a href="http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_ostafjells/buskerud/5049893.html">NRK Buskerud</a>.

For meir informasjon: Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 91 80 56 20 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no