Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Soria Moria-erklæringa må skrivast på nynorsk

 (13.09.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 13.09.05. - Valresultatet er løfterikt for nynorsken, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag. Den sida som har villa svekkja nynorsken har gått tilbake, og dei raud-grøne partia har lova meir nynorsk, både i programma og i "Kulturløftet".

- Tida har kome for å levere. Nynorsken er i vinden, og den offentlege språkpolitikken med to jamstilte mål må no lyftast fram som eit særmerke vi skal vere stolte av. Som den første markeringa ventar vi at Soria Moria-erklæringa kjem på nynorsk, seier Tungesvik.

- Mållaget vil passe på at den raudgrøne-regjeringa gjennomfører "Kulturløftet" slik dei har lova. Det inneber ei styrking av sidemålsundervisninga, og oppretting av Vinjefondet; eit fond for styrking av nynorsk journalistikk – i VG, Dagbladet og andre stader, seier Tungesvik.

- Av utdanningsministeren ventar vi ein energisk utdanningspolitikk som sikrar nynorske lærebøker både for vaksne innvandrarar og for elevar i vidaregåande skule, seier Steinulf Tungesvik.

Tungesvik ønskjer seg ein kulturminister som er like offensiv på vegner av nynorsken som Valgerd Svarstad Haugland har vore.

- Ein drivande kulturminister må frå dag 1 arbeide fram nynorsk nettleksikon og ei lov om offentleg målbruk som også gjeld statlege føretak, slår Steinulf Tungesvik fast. – Her har Noregs Mållag tillit til at Svarstad Haugland dreg opp linene i det kulturbudsjettet ho skal leggje fram før ho går av.

For meir informasjon: Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 91 80 56 20 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no