Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ledig stilling som konsulent

 (09.09.2005)

Melding. 09.09.05. Mållaga på Agder har frå 2002 til 2007 eit prosjekt med ein tilsett reiseskrivar som prosjektleiar for å styrka grunnorganisasjonen. Me har no oppretta ei prosjektstilling i 50 % som konsulent frå og med 1. desember 2005 til og med 31. desember 2006.

Mållaga på Agder arbeider for dialektane og for at folk i bygd og by skal velje å ta i bruk det nynorske skriftmålet. Mållaga på Agder arbeider for å fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet.

Arbeidsstad: Kontorplass hjå Mållaget i Kristiansand, men må pårekna ein del reising, mest i agderfylka.

Arbeidsgjevar: Noregs Mållag.

Arbeidsoppgåver: Konsulenten skal i samarbeid med fylkeslaga og reiseskrivaren ta initiativ til aktivitetar i organisasjonen, og arbeida for auka nynorskbruk i barnehagar, heile skuleverket, høgskule, næringsliv og i det offentlege.

Kvalifikasjonar: Søkjar må ha variert og solid røynsle med organisasjonsarbeid eller arbeid i skulen, evne til å arbeida sjølvstendig, gode samarbeidsevner og stor arbeidskapasitet og vera initiativrik. Relevant høgare utdanning, gjerne med nordisk i fagkrinsen, og kjennskap til skuleverket er ein føresetnad. God skriftleg og muntleg framstillingsevne. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Løn: Stillinga vert lønna som konsulent, med eit lønsspenn frå lst. 30 til 41.
Søkjar bør ha førarkort, men dette er ikkje eit krav. Reisegodgjersle etter avtale.

Søknadsfrist: 15. oktober 2005

For meir informasjon, kontakt Aslak T. Fjermedal, leiar i Mållaga på Agder på telefon 37 96 17 07 / <a href="mailto:afjarm@c2i.net">afjarm@c2i.net</a> eller prosjektleiar Trond Sæbø Skarpeteig på 90 05 81 82 / <a href="mailto:trond@nm.no">trond@nm.no</a>.

Adresse: Mållaga på Agder, Hjå Noregs Mållag, Pb. 474 Sentrum, 0105 OSLO

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no