Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sunnmørsprisen til Brit Bildøen

 (06.09.2005)

Melding. 06.09.05. Brit Bildøen vart laurdag tildelt Sunnmørsprisen 2004 for boka "Alt som er". Bokprisnemda grunngjev tildelinga slik: "Det er ei stilsikker og poetisk språkføring i denne teksten. Forfattaren styrer unna klisjeane i ein tekst som handlar så mykje om kjensler. Framstillinga er elegant, rytmisk og prosaen er gjennomskinleg, tydeleg."

Britt Bildøen debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn og har sidan gitt ut ti litterære verk i ulike sjangrar; ei gjendikting av forfattaren Rita Dove, fleire barnebøker og fem romanar.

Sunnmørsprisen er skipa av Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag i 1953 og vert utdelt årleg. Prisen på kr. 10.000 samt eit diplom kan gjevast for ei bok som i innhald og form er av det beste som vert utgjeve på nynorsk eit år.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no