Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil følgje opp kulturmeldinga

 (02.09.2005)

Tekst frå Norsk Tidend. 02.09.05. Fredag 18. oktober 2001 flytta Valgerd Svarstad Haugland inn i regjeringskontora.
– Det er klårt at vi ventar oss noko ekstra av Valgerd Svarstad Haugland. Ho har tyngda som skal til for å hente fram språkpolitikken frå det bakrommet han er parkert på i dag, sa dåverande leiar i Mållaget, Oddmund Hoel.

Og det har skjedd mykje: Mange vil peike på opprettinga av Nynorsk Mediesenter som ein av dei viktigaste fruktene. Midt i mediestormen sommaren 2002 stoppa ho samanslåingsplanane til NRK og resultatet etter lang tid med dragkamp vart Nynorsk Mediesenter i Førde og ein sjølvstendig redaktør i NRK Sogn og Fjordane det endelege resultatet. Ho har følgt opp Mållova og ikkje minst la ho fram St. meld. 48 ”Kulturpolitikk fram mot 2014” der språk fekk eit eige kapittel. Då ho opna pressekonferansen om kulturmeldinga, gjorde ho noko som seier mykje om Valgerd Svarstad Haugland som kulturpolitikar; ho snakke varmt for eit saksfelt som ligg under utdanningsdepartementet, nemleg for obligatorisk sidemål.

Dei viktige sakene
– Kva meiner du er det viktigaste for dei fire åra som kulturminister?
– Då må eg ta utgangspunkt i Kulturmeldinga. Der varsla vi ein svært offensiv politikk for nynorsken frametter. Den meldinga varsla ulike tiltak, for norsk språk generelt og nynorsk spesielt. Det vart lagt fram tiltak som fokuserer på arbeidet for nynorsk i staten og fokus på å få til språkleg likestilling innanfor IKT. Vi har oppretta Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa for å utvikle gode metodar i sidemålundervisninga. Nynorsk mediesenter i Førde er oppretta og vil produsere nye nynorskjournalistar. Begge desse sentera vil gje merkbare resultat frametter. Dessutan har vi halde fram med å gje støtte til Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum. Og vi har satsa mange millionar kroner på Norsk Ordbok-prosjektet som skal gå fram til 2014. Til slutt: vi har initiert og gjennomført omlegginga av Norsk språkråd. Alle desse er vel gode nok svar på neste spørsmål, smiler Valgerd Svarstad Haugland.

Røyst KrF
– Bør nynorskfolk røyste på KrF?
– Sjølvsagt må nynorskfolk røyste på KrF! Ikkje minst er KrF er garantisten for at kulturmeldinga skal bli følgd opp. Ho kan ikkje gå detaljert inn i spørsmålet om nettbasert leksikon.
– Planen om ein allmenn elektronisk kunnskapsbase har vi allereie nemnt i Kulturmeldinga. Eg kan ikkje seie i dag, korleis samarbeidet vert mellom det private og det offentlege. Men det er ikkje tvil om at dette er viktig når kvardagen er såpass teknologibasert.
– Kan KrF halde Høgre frå å gå til åtak på den obligatoriske sidemålsordninga?
– Det er ei viktig sak for KrF og det er det også for Venstre. Det har gått bra så langt og eg håpar det går bra vidare.

Kulturberar
– KrF tykkjer det er viktig å framleis ha obligatorisk sidemål og at nynorsken er ein viktig kulturberar, seier May Helen Molvær Grimstad, stortingsrepresentant for KrF i Møre og Romsdal. Norsk Tidend når ho på mobiltelefon medan ho sit på bussen etter å ha vore på skulevalsdebatt i Volda. Eitt døme er at det var viktig å få til oppstartmidlar til Blåmann Barnebokklubb. Bussen passerer Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda og ho påpeika at det er eit viktig senter for nynorsken.
– Elles vil eg seie at Ivar Aasen-tunet er viktig i forhold til forsking på og utvikling av språket.
– Kva vil du seie til dei som er opptekne av nynorsksakene ved valet?
– KrF har vore ein garantist for å jobbe med nynorsken og det vil vi framleis vere. Det er klart at det er ulikt syn mellom Høgre og KrF, men KrF er oppteken av nynorsken og vil framleis arbeide for den, slår May Helen Molvær Grimstad fast.

Teksten er henta frå Norsk Tidend 4/2005. Den er noko utvida i forhold til kva som kjem på trykk i avisa.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no