Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil støtte nynorsken

 (01.09.2005)

Tekst frå Norsk Tidend. 02.09.05. Stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa er ein av dei profilerte nynorskbrukarane på Stortinget. Ho kjem frå Hjelmeland i Rogaland og vil nynorsken vel.

– Eit nytt fleirtal må ha styrking av nynorsken som eitt av sine mål i plattforma, slår Magnhild Meltveit Kleppa fast.
– Nynorsksenteret i Volda, Nynorsk Mediesenter i Førde og Ivar Aasen-tunet i Ørsta er tre spennande institusjonar som er med på å gjere nynorsken meir vanleg i ulike fora. Dette må vi utnytte meir.
– Er nynorsken tent med ei raud-grøn-regjering?
– Ja, så absolutt! Dagens kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland har hatt eit engasjement for nynorsken, men ho har diverre møtt altfor mykje motstand i eiga regjering.
Samansetninga av Senterpartiet, SV og Ap vil gjere nynorsken godt, meiner Magnhild Meltveit Kleppa.

Nynorsk som hovudmål
Ho er mest uroa for nynorsken knytt til nynorsken som hovudmål.
– Rekrutteringa til hovudmålet er viktig. Den kampen som Noregs Mållag måtte ta i Sandnes for retten til å gå i eigne nynorskgrupper, var viktig. Det er elles urovekkjande at det i Stavanger for første gong på mange år ikkje er ei eiga førsteklasse med nynorsk. Det er også viktig å vere merksam på det presset som nynorskelevane får i ungdomsskulen og i vidaregåande skule frå bokmålet, seier Magnhild Meltveit Kleppa. Ho trur eit nynorsk nettleksikon vil vere nyttig for nynorskelevane.
– Det er sagt mange fine ord om dette prosjektet og mange har engasjert seg. Behovet er enormt for ei slik nynorsk kunnskapskjelde. Vi må få ei første statleg løyving på plass i 2006-budsjettet.

Nytt initiativ
– For å få teke gode initiativ er det viktig å få svar på korleis er situasjonen for nynorsken i kommunane. Senterpartiet har føreslege ei eiga rapportering frå kommunane om stoda for nynorsken i den einskilde kommunen. Dette må kome til Stortinget i samband med den årlege kommuneproposisjonen. Dermed ville alle kunne sjå kvar nynorsken har framgang og attendegang. Og ikkje minst; dei ulike departementa kan peike ut kva som må gjerast.
Magnhild Meltveit Kleppa er kritisk til Utdanningsdepartementet sin innsats for nynorsken.
– Eitt av dei store tankekorsa i dag er å sjå korleis Utdanningsdepartementet har slappa av i forhold til desse utfordringane, medan Kulturdepartementet har gjort sitt.
Ho ser også eit vidare potensial knytt til ei slik rapportering frå kommunane.
– Ved å få til ei slik rapportering kan ein også sjå på ulike kriterium i rammesystemet. Og ein kunne få til å gje eige tilskot til dei kommunane som har nynorsk. Til dømes for å gjere det mogleg å tilby nynorskkurs for dei kommunetilsette, seier Meltveit Kleppa.

Teksten er henta frå Norsk Tidend 4/2005.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no