Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ingen køddar med sidemålet!

 (30.08.2005)

Tekst frå Norsk Tidend. 30.08.05. Meldinga frå elevane ved Firda vidaregåande skule i Sogn og Fjordane er klar. Trugar du sidemålet vert du ikkje populær!

Torsdag 25. september var det skuledebatt på Firda vidaregåande skule på Sandane. Debattantane møtte ein fullsett aula med interesserte elevar. Når dei oppsette to timane var over, var det ingen teikn til at spørsmåla frå salen ville ta slutt. Og denne gongen fekk Unge Høgre bank for sidemålstandpunktet sitt.

Sigrun frå 3. klasse musikk rettar sitt spørsmål til Thomas Presthus, debattanten frå Unge Høgre.
– Unge Høgre seier at ”sidemål suger”. Er ikkje bokmål og nynorsk likeverdige i norsk kulturarv?
Thomas Presthus nektar for at Høgre er negative til nynorsken. Det er berre obligatorisk sidemål dei vil til livs.
– Vi vil at folk skal velje sjølv om dei skal skrive eit sidemål. Vi seier ikkje at elevane ikkje skal velje sidemål, svarar den unge høgremannen.
– Vi vil ikkje fjerne nynorsken. Vi vil gjere sidemålet valfritt. Kanskje elevane berre lærer 50 prosent av kvart av språka. Vårt mål er at dei skal lære godt norsk.

Vil øydeleggje
KrFs Per Steinar Osmundnes reagerer sterkt på Unge Høgre sine forsikringar.
– Unge Høgre delar ut flygeblad med teksten ”La dem raute på nynorsk”. Å gjere sidemålet frivillig vil på lang sikt øydeleggje språket vårt, påpeika han.
– Om du har sidemål vert du betre i hovudmålet ditt. Så om sidemålet vert fjerna vert du ikkje betre i hovudmålet.

Kritisk til Unge Høgre
Unge Høgre måtte stå temmeleg åleine i denne debatten. Dei andre partia sluttar seg til kritikken av Unge Høgre sine åtak på sidemålet.
Isabel Grindheim frå SU var Firdaruss i vår, og er tydeleg på heimebane.
– Unge Høgre seier at nynorsken sug, ikkje sidemålet! slår ho fast, til kraftig applaus.
– Høgre vil at vi skal verte betre i norsk, så då fjernar dei ein del av norsken, sidemålet. Dei vil vi skal verte betre i matematikk, så då legg til eit år med matematikk. Dette heng ikkje saman, meiner ho og illustrerte målpolitikken til Høgre på sin eigen måte.
– Eg vil ta vekk algebra, slik at eg vert betre i matte.

Valfridomen
Erling Sande representerer Senterpartiet i panelet.
– Eg ser målungdomen har delt ut flygeblad i salen her. Eg er medlem i Norsk Målungdom og er oppteken av nynorsken, seier han.
– Sidemålsmotstandarane snakkar om valfridom. Om ein ikkje vil ha sidemål, skal ein kunne velje vekk det. Kan eg velje vekk matematikk om eg ikkje ønskjer å ha det? Nei, sjølvsagt kan eg ikkje det. Vi treng sidemål og vi treng nynorsk. Når Unge Høgre brenn nynorskordlister på Torgallmenningen i Bergen er debatten på eit lågmål, seier Erling Sande.

Eksamenane
Kjartan Allmenning sit i panelet for Unge Venstre. Han støttar sidemålet, men har ei utfordring til salen.
– Det er viktig å bevare obligatorisk sidemål, men treng vi eigentleg fire karakterar i norsk?
– Vi har berre tre karakterar i norsk! vert det ropt frå salen
– Beklagar. Men tre karakterar er også for mykje.

Tiltak for betre undervisninga
Tord Dale frå AUF måtte ta tenkjepause på kva tiltak som kan gjere sidemålet betre og meir populært. Men når han fekk tenkt seg om, hadde han tre framlegg for å betre sidemålsundervisinga.
– Vi treng å utdanne betre lærarar i norsk. Vi kan nytte lydbøker og liknande i undervisinga, og vi vil støtte kule unge nynorskforfattarar, slo Tord Dale fast.


Tekst er henta frå Norsk Tidend 4/2005.



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no