Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

30 000 vil oppheva nynorskforbodet i VG og Dagbladet

 (11.08.2005)

Sidan Noregs Mållag starta kampanjen for å oppheva det redaksjonelle forbodet mot nynorsk i dei store riksavisene, har heile 30 000 sett namnet sitt på oppropet.
– Me har merka oss at båe avisene har skrive nynorsk på redaksjonell plass etter at kampanjen starta, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag.

Avisene har enno ikkje endra den offisielle språkpolitikken sin, difor er det viktig at over 30 000 aviskjøparar er med og held oppe presset mot avisene frametter.

Ved inngangen til valkampen er det brei politisk oppslutning om kampanjen. Trine Skei Grande frå Venstre, Eli Sollied Øverås frå Senterpartiet, Knut Arild Hareide frå Kristeleg Folkeparti, Reidar Sandal frå Arbeidarpartiet og Erna Solberg frå Høgre er samde om at dagens forbod mot nynorsk i VG og Dagbladet bør opphevast no.

– Eg ser ingen grunn til at ein skal halda fram med dagens ordning, seier Trine Skei Grande. For meg er dette ein type språkleg apartheid. Det er sensur av folk sine ytringar, både i innhald og form, påpeikar Grande.

– Etter mi meining kan nynorskbruken vera med på å gjera språket i dei to riksavisene både rikare, meir variert og meir lesverdig. Nynorskbruk kan verka til at det norske språket vert styrkt, poengterer Eli Sollied Øverås.

Stortingsvisepresident Inge Lønning frå Høgre har også skrive på oppropet, og seier samstundes at prinsippet om at ein kvar skal ha rett til sjølv å velja målform bør innførast i alle samanhengar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no