Noregs Mållag: Viktig rundskriv frå Utdanningsdirektoratet
(08.07.2005)
Utdanningsdirektoratet har i dag sendt ut rundskriv til kommunane og fylkesmennene som presiserer retten til opplæring på eiga målform. Rundskrivet kjem etter at nokre kommunar har blanda nynorsk- og bokmålsgrupper i undervisninga, i strid med denne retten.
- Noregs Mållag er glad for at direktoratet så klårt presiserer at retten til opplæring på eige mål er grunnleggjande, og at kommunane ikkje kan organisere seg bort frå den, seier leiar Steinulf Tungesvik. - Det er ikkje akseptabelt å krenka retten til elevar og foreldre for eventuelt å spara pengar i undervisningssektoren, held han fram. - Noregs Mållag har måtta føra ei heilt unødig rettssak mot Sandnes kommune i vinter for å få avklara dette spørsmålet, og det er ei lette for alle elevar og foreldre landet over at saka no er avklara klårt og tydeleg ein gong for alle gjennom rundskrivet, seier Tungesvik. Tungesvik føreset at alle skular vil følgje det nye rundskrivet til punkt og prikke, til beste for elevane. Rundskrivet presiserer at gruppene som hovudregel ikkje kan blandast i fag der det føregår skriftleg undervisning. - Det er viktig at rundskrivet seier tydeleg at det er ein unntaksregel at blanding kan skje i timar med praktisk/munnleg opplæring, men likevel ikkje når det i slike timar er stor grad av skriftleg opplæring, seier Tungesvik. Fleire opplysningar: Steinulf Tungesvik 91 80 56 20
|
|