Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Årets nynorskbrukar 2005: Kjartan Fløgstad

 (30.06.2005)

Melding. 30.06.05. No har Kjartan Fløgstad fått enno ein målpris. Tidlegare i vår fekk han Målprisen 2005 av Noregs Mållag. I går fekk han prisen Årets nynorskbrukar ved opninga av festspela.

Forfattaren Kjartan Fløgstad har fått prisen som Årets nynorskbrukar 2005. Prisen blir delt ut under opningshøgtida for Dei Nynorske Festspela i Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Fløgstad får prisen for framifrå og verdfull dokumentasjon av viktige trekk i norsk kulturhistorie og for at han med pamfletten Brennbart dreiv fram ein av dei viktigaste og mest avklarande språkpolitiske debattane i seinare tid.

Det er styret i Nynorsk kultursentrum som deler ut prisen Årets nynorskbrukar. Prisen er på 25 000 kroner pluss eit grafisk trykk av Arne Nøst, og ein diplom. Som ein del av prissummen blir prisvinnaren beden om å halde eit foredrag om sjølvvalt emne i Aasen-tunet, eller på anna høveleg vis følgje opp prisen.

Det finst nokre som gjer slikt ein ikkje utan vidare kunne vente at dei skulle, eller som gjer noko andre burde ha gjort, og som til og med gjer det med trøkk og med kvalitet. Når solid dokumentasjon blir kopla med skarp litterær eleganse, og emnet er ei sak som gjeld mange, er det faktisk enno mogleg å utløyse ein debatt med opnar for nye innsikter og fleire nyansar enn ”ja” og ”nei”. Difor gir styret i Nynorsk kultursentrum prisen Årets nynorskbrukar til Kjartan Fløgstad.

Årets nynorskbrukar har blitt delt ut 5 gongar tidlegare med desse prisvinnarane:
2000 Høgsterettsdommar Karl Arne Utgård, Hamar
2001 Hotelleigar og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge, Selje
2002 Ringstabekk skole, Bærum
2003 Redaktør Martin Toft, Oslo
2004 Hiphopgruppa Side Brok, Hovdebygda/Bergen/Oslo/København

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no