Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kvifor røyste Høgre om ein vil nynorsken vel?

 (29.06.2005)

Debattinnlegg frå Noregs Mållag. 29.06.05. Noregs Mållag har uttalt at vi vurderer å åtvare veljarane mot å røyste Høgre etter at partiet la fram programmet sitt på ein pressekonferanse 27. juni. Partiet vil fjerne obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning på alle klassetrinn, og svekkje mållova om rett til å få svar frå staten på sitt eige mål. Vi vonar Høgre har ein plan for å tilby noko også til dei 600.000 nynorskbrukarane og alle andre som er glade i nynorsk.

Høgre har ein stolt tradisjon som eit kultur- og kunnskapsparti. For Noregs Mållag synest det som arbeidet for folkeopplysing og ein samla nasjonalkultur i tradisjonen frå Per Lønning, Lars Roar Langslet, Kåre Willoch og Hallgrim Berg no kan vere overkøyrd av Unge Høgres enkle og kortsiktige gymnasdebattpopulisme.

Partiet seier at dei trur det tener nynorsken å gjere sidemålet valfritt. Slik skal færre elevar få eit hatsk forhold til språket, noko som skal styrkje posisjonen til språket, seier partiet. Men eit språk treng meir enn likesæle for å trivast og utviklast. Det treng å bli lese, tenkt over og skrive. Professor Stephen Walton seier at det ikkje finst velfungerande fleirspråklege samfunn i verda der ikkje majoriteten til ei viss grad lærer mindretalsspråket. Det er prisen for den store vinsten: Kulturelt mangfald, reell ytingsfridom og nasjonal integrasjon og daning.

I tillegg peiker all forsking og internasjonale institusjonar som EU, UNESCO og Europarådet på at fleire språk er ein ressurs. Det gjev i seg sjølv fortrinn som ei betre språkforståing. Nordmenn skjønar svensk og dansk mykje betre enn omvendt. Dette igjen aukar språklæringsevna i jakta på nye framandspråk. Høgre er for dette og Høgre bruker lytte til Europa.

Motsetnaden mellom måtane Høgre løyser lærings- og popularitetsutfordringane for matte og norsk sidemål er slåande. Samstundes som partiet gjev opp obligatorisk skriftleg sidemål, set det inn styringsgrep av til no ukjend karakter for mattefaget. Elevane skal få ekstrapoeng for fordjuping og mattelærarane skal få avkorting i studielånet.

Vi kjenner no programmet til Høgre. Det er nedslåande. Eg utfordrar partiet med 534.000 veljarar i 2001 til å fortelje dei 600.000 nynorskbrukarane og alle andre om grunnar til likevel å røyste på partiet om ein vil nynorsken vel. Høgre har i Kulturmeldinga forplikta seg ei systematisk styrking av nynorsken fram til 2013. Førebels har dei late alle sjansar til å følgje opp gå frå seg.

Dersom Høgre vil nynorsken vel, kan dei lytte til direktør Petter Skarheim i Utdanningsdirektoratet som har sagt at problemet med sidemålsundervisninga er at ho byrjar for seint – nynorskopplæringa for bokmålselevar burde ta til på barneskulen, seier Skarheim.

Meir nynorsk, ikkje mindre er det som må til for å styrkje posisjonen til språket. Eg ventar i spenning på avklaringar frå Høgre.

Steinulf Tungesvik
Leiar i Noregs Mållag

Fleire media har teke tak i denne saka:

Sidemålet splitter regjeringen skriv <a href="http://www.bt.no/innenriks/article.jhtml?articleID=381034">Bergens Tidende</a>

Høyre uten dannelse skriv <a href="http://www.bt.no/meninger/leder/article.jhtml?articleID=381036">Bergens Tidende</a>

Målstrid inn i valkampen skriv <a href="http://www.nationen.no/meninger/kommentar/article1647515.ece">Nationen</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no