Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget vann i Høgsterett!

 (24.06.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 24.06.05. Høgsteretts kjæremålsutval har i avgjerd oversend i dag slått fast at Sandnes kommune braut opplæringslova når dei blanda elevane i nynorske parallellklassar med bokmålsklassane i undervisninga.

– Dette er ei viktig avklaring frå Høgsterett. Avgjerda gjer det klart at det ikkje er lov å blande bokmålsklasse og nynorskklasse, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag. – Sjølve poenget med retten til å oppretta parallellklasse i den andre målforma er jo at undervisninga skal vera på det språket. Dette gjeld sjølvsagt like mykje om det er parallellklasse i nynorsk eller bokmål, seier Tungesvik.

Opplæringslova gjev rett til å opprette parallellklasse med avvikande målform når minst 10 elevar krev det. Sandnes kommune har ved tre skular blanda nynorsk- og bokmålsklassene, slik at alle har fått undervisninga i dei fleste fag på bokmål. Fleire skular over heile landet har utøvd den praksisen som no er kjend ulovleg, og det har vore klagesaker frå foreldre både der det har vore bokmåls- og nynorskparallellklasser.

Tungesvik forventar at Utdanningsdirektoratet, slik det er varsla av direktør Petter Skarheim tidlegare, no straks sender ut rundskriv som tydeleggjer at alle kommunar må følgja opplæringlova i tråd med lagmannsretten og no Høgsteretts retningsliner.

Sandnes kommune og KS vert pålagt å dekkje alle saksomkostningane til Mållaget, i alt kr 166.000.

For meir informasjon: Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 91 80 56 20 (m)
Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag, 57 68 66 18 eller 951 65 510 (m)

Vil du sjå avgjerda frå kjæremålsutvalet i Høgsterett? Send e-post til <a href="mailto:steinulf.tungesvik@kluge.no">steinulf.tungesvik@kluge.no</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no