Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kampanje for songskatten

 (22.06.2005)

Melding. 22.06.05. – Den gamle songskatten vår forvitrar. Det vil vi gjera noko med, seier marknadssjef Sjur Mossige i Det Norske Samlaget. Forlaget dreg i gang ein kampanje overfor alle nynorske kommunar for å få dei til å kjøpe boka «Song for deg og meg» av Odd Nordstoga for utdeling til nye generasjonar.

Tanken er at alle nyfødde, alle barnehagar og skuleelvar frå første til fjerde klasse skal få boka, fortel Mossige, og opplyser at kommunane får bøkene til ein «veldig god pris».
– Det er ingenting gale med Kaptein Sabeltann og andre songar som ungane lærer i dag uansett, men det finst så mange, mange gode norske viser. Mange av dei har ei slik god stemning og ein melankoli som du ikkje finn i dei nye Hei og hå-visene, seier Mossige, og fortel at han syng frå boka for fireåringen sin kvar kveld.

Grisehylvisa og 122 andre
”Song for deg og meg» kom ut for første gong i 2002 og er trykt i nye opplag to gonger. Boka inneheld viser og folkeviser som Blåmann blåmann bukken min, Den bakvende visa, regler som Ola dilt Ola dalt, og sjølvsagt visa om grisen som står og hyler. I alt er det 123 folkesongar, folkeviser og meir nyskrivne songar i boka, som er illustrert av Inger Lise Belsvik og Hilde Hodnefjeld.

Pilotkommune
Aurland kommune i Sogn og Fjordane har vore pilotkommune for prosjektet det siste året. Ordførar Olav Ellingsen har stor sans for denne måten å vidareføre den nynorske og dialektiske songskatten på til barna.
– Det å syngje for oss sjølve og saman med barna er noko anna enn å trykkje på knappar, seier Ellingsen. Han meiner at kommunane bør kunne investere nokre kroner på dette tiltaket, som i tillegg til å gje hyggelege familiestunder er med på å halde ved lag det nynorske språket og dialektane i dei cirka 150 nynorskkommunane.

<Ønskjer seg barneplate!
Mossige trur at hjørnesteinsbedrifta i kommunane sikkert kan stø opp om eit slikt godt tiltak, dersom kommunane ikkje tek seg råd til denne kostnaden. Og sjølv om han ønskjer for Odd Nordstoga at han skal bli like etterspurd framover som han no er, ser han fram til at han skal få tid til å spela inn ei plate med barnesongar snart, slik at barna kan høyre at han framfører songane frå boka.

Av Inger Robøle Kristiansen, NPK"

Inger Robøle Kristiansen, NPK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no