Melding. 21.06.05 På Greåker videregående skole i Østfold har norsklærarane laga infomasjonsbrev til dei nye 1. klassingane om å lære nynorsk på ein ny måte!
Dette står i brevet:
"Har du høyrt at mange bokmålselevar no lærer seg nynorsk på ein ny måte?
Frå Troms i nord til Kristiansand i sør er det elevar som nyttar den nye metoden. Og i Oslo finn du elevar som arbeider slik. Ja, til og med her på Greåker v.g. skole er det elevar som har arbeidd etter denne metoden, og som alle kjem med dette rådet: LES NYNORSK! BRUK NYNORSK!
Norsklærarar og avdelingsleiarane på allmennfagleg studieretning har stor tru på den læringsmetoden som Aurora, June, Andrea, Meera, Ina, Ida og fleire andre har brukt, og vil neste skoleår satse på at elevane i VK 1-klassane på AF skal bruke nynorsk i andre fag enn norsk, til dømes i historie og samfunnslære.
Kanskje du skulle følgje rådet frå Andrea, Aurora, Ida, Ina, June og Meera?
God sommar!
Terje Gundersen
Tom B. Knutsen
Ragnhild Lier
Kjøp deg lærebøker på nynorsk! Skriv nynorsk! seier Ida, June, Ina, Aurora, Meera og Andrea i klasse 3AAB og 3AAC.