Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utlysing av stilling som dagleg leiar hjå BUL i Oslo

 (17.06.2005)

Melding. 17.06.05. Den daglege leiaren i BUL i Oslo går ut i permisjon, og dei søkjer difor etter dagleg leiar i eitt års vikariat frå og med 1. september 2005.
Dette er utlysingsteksten:
"Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) er ein amatørkulturorganisasjon med tilbod innan song, folkedans, teater og idrett. Vi driv også aktivt målarbeid. BUL vart stifta i 1899 og er med 650 medlemer det største lokallaget både i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag. Bondeungdomslaget i Oslo eig forretningane Hotell Bondeheimen, Heimen Husflid og
Kaffistova. Vi eig òg Bøndenes Hus i Rosenkrantzgt. 8 der administrasjonen held til og dei fleste aktivitetane blir drive. Laget har i dag 4 tilsette.

Laget arbeider no med planar for å ruste opp lagslokala til eit kulturhus for amatørkulturen i Oslo-området.

Den daglege leiaren vår går ut i permisjon, og vi søkjer difor etter

Dagleg leiar
i eitt års vikariat f.o.m. 1. september 2005

Dette er dei viktigaste arbeidsoppgåvene
• Dagleg leiar av administrasjonen
• Sekretær for hovudstyret
• Økonomiansvar – kontroll med rekneskap og budsjett
• Planlegging og tilrettelegging av møte og arrangement

Vi ser etter ein person med
• Grunnleggjande forståing av økonomi og rekneskapsføring
• Gode nynorskkunnskapar
• Organisasjonsbakgrunn
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi kan tilby:
• Eit triveleg arbeidsmiljø
• Fine kontorlokale midt i Oslo sentrum
• Løn etter avtale
• Pensjonsforsikring og andre sosiale ytingar

Stillinga er sjølvstendig og krevjande.

Bondeungdomslaget har nynorsk som tenestemål.

Ta kontakt med dagleg leiar, Kari Bøyum, på tlf. 23 21 41 63/913 66 813 dersom du ynskjer utfyllande opplysningar om stillinga. Du finn meir om BUL på <a href="http://www.bul.no/Hovudsida">www.bul.no</a>

Send søknad med CV og vedlegg til Bondeungdomslaget i Oslo, Rosenkrantzgt. 8, 0159 Oslo eller <a href="mailto:lagskontor@bul.oslo.no">lagskontor@bul.oslo.no</a> innan 27. juni.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no