Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Saman kan me vera sterke

 (15.06.2005)

Melding. 15.06.06. Sogn Avis skriv i oppfore folk til å skrive under på oppropet for nynorsk i VG og Dagbladet. Les heile saka i <a href="http://www.sognavis.no/leiar/article1630510.ece">Sogns Avis</a>.

Dette skriv Sogns Avis på leiarplass:

"Noregs Mållag har fått ny leiar i Steinulf Tungesvik, og han har sett ny fart i debatten kring nynorsken sin plass i det norske samfunnet. Mellom anna står han bak eit sprekt krav om at dei store riksavisene bør vera tospråklege. Framstøyten er fronta mot dei to store tabloidavisene VG og Dagbladet som er dei fremste riksavisene i dag. Nyleg hadde 25.000 personar skrive under på eit krav om at dei nemnde avisene må sleppa til nynorsken på redaksjonell plass.

Då byrjar dette å bli eit krav som er så tungt at aviseigarane i det lange løp ikkje kan neglisjera det – i alle høve dersom ikkje denne aksjonen berre døyr vekk. Marknaden for dei store avisene er vorten såpass tøff at dei leitar med lys og lykte etter måtar å stoppa nedgangen i opplaget på. Dersom dei risikerer at nynorskfolket i tillegg vender dei ryggen på grunn av avisene sin språkpolitikk, kan kravet om å få nynorsk inn i spaltene få endå meir tyngd. Om nynorskfolket vinn fram, er ei anna sak.

No skal det i sanning seiast at nynorsken slett ikkje er usynleg i den norske avisfloaren. Mange aviser er reine nynorskaviser, men dei er gjennomgåande små. I tillegg har me fleire store regionaviser som er tospråklege, og det same er fleire av dei såkalla nisjeavisene i hovudstaden – som Nationen, Vårt Land og Klassekampen. Problemet er at dei største avisene, dei som har heile landet som marknad, aldri har kjent noko ansvar for at dei kjem ut i eit land med to jamstelte skriftspråk.

Kvifor har det vorte slik? Først og fremst fordi eigarane aldri har sett verdien av at avisene var tospråklege på redaksjonell plass. Det har ikkje vore nok å tena på det. Og me ser no at ei avis som Dagbladet på eit par år skal spara 100 millionar kroner ved at 89 medarbeidarar skal bort. I ein slik situasjon er det nesten utopisk å tru at avisa no skal bruka ressursar på å tilsetja journalistar fordi dei skal skriva nynorsk.

På den andre sida er det heilt klart at dersom alle nynorskbrukarane står samla om eit krav, så er det snakk om ei sterk gruppe som har marknadsmakt. Det er på tide at me oftare brukar denne makta. Noregs Mållag har i alle høve vist vegen med kravet om at riksavisene snart må ta konsekvensen av at dei tener sine pengar i eit tospråkleg land."

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no