Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny læreplan i strid med sidemålsforliket i Stortinget!

 (14.06.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 15.06.05. Undervisningsminister Kristin Clemets underliggjande etat, Utdanningsdirektoratet, har laga utkast til ny læreplan i norsk for reforma "Kunnskapsløftet". Læreplanen er eit brot med sidemålsforliket på Stortinget våren 2004.

Regjeringspartia H, KrF og V gjorde forlik med Ap om å styrke nynorsken i opplæringa, motsett av det Kristin Clemet hadde lagt opp til i St. meld nr 30 (2003-2004) "Kultur for læring". Ein del av forliket er krav til eigne karakterar i sidemål og hovudmål med formuleringa: "sidemål skal være gjenstand for vurdering på vanlig måte, på lik linje med andre skolefag."

– Læreplanutkastet stiller derimot ingen slike krav, tvert om er det lagt opp til ein felles karakter i norsk. Dette framlegget må utdanningsminister Kristin Clemet stogge. Ho er forplikta av innstillinga frå Stortinget, påpeikar Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag.

– Dersom ikkje Kristin Clemet rettar opp denne feilen i læreplanen, må Stortinget setje Clemet på plass og syte for at departementet rettar opp fadesen til den endelege utgåva av læreplanen, seier Tungesvik.

Noregs Mållag har ei rad andre merknader til læreplanutkastet, og vil ta desse opp i brev direkte til Utdanningsdepartementet.

For meir informasjon:
Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 91 80 56 20 (m)
Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag, 57 68 66 18

Framlegg til ny læreplan for i norsk ligg her: <a href="http://www.utdanningsdirektoratet.no/dav/684D66490E.pdf">www.utdanningsdirektoratet.no</a>

Stortingsmelding og innstilling ligg her: <a href="http://epos.stortinget.no/SakOpplysning.aspx?id=28804">www.stortinget.no</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no