Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nadina Lucavica skreiv beste nynorsk-stil

 (09.06.2005)

Melding. 09.06.05. Det er Sarpsborg-jente med bosnisk bakgrunn som har vunne 1. premie i ei nynorsk stiltevling for alle elevar på vidaregåande i Østfold. Ho går i 1. klasse på St. Olav vidaregåande skole.

Østfold Mållag står bak stiltevlinga som er inspirert av det nye "Noreg"-skiltet på Svinesund.

På ei markering på skolen fekk prisvinnar Nadina Lucavica tildelt blomar og prisen på 2000 kroner for stilen "Velkommen til Noreg".

Når juryen gav prisen til nettopp Nadina, så var det fordi ho har skrive ein tekst som seier mye om korleis det er å tilpasse seg livet i Noreg for ein som kjem frå ein annan kultur. Det er også ein tekst som peikar på kvalitetar ved det norske samfunnet som vi ikkje ser sjølv - vi blir "heimeblinde".

Juryleiar Ragnhild Lier la også vekt på at Nadina Lucavicas stil tar for seg spørsmålet om kva som er det gode liv - er slekt famlie og kjærleik viktigast, eller er det eit liv i materiell rikdom?

Marianne Lundgaard frå St. Olav fekk 2. premie i tevlinga for ein festleg stil på sarpemål. Andreplassen blei også delt av Sigurd Stette frå Frederik II vidaregåaande skole og Henriette Lønn Jenssen ved Greåker vidaregåande skole. Det var 30 deltakarar i konkurransen.

I juryen for tevlinga sat også leiar i Norsk Målungdom Synnøve Midtbø Myking og forfattaren Øyvind Bremer Karlsen frå Askim.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no