Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Slepp nynorsken til-aksjon i Strand

 (08.06.2005)

Melding. 08.06.05. Strand Mållagi Rogaland hadde på laurdag 4. juni aksjonsdag under "Strandsdagane", det årlege handels- og kulturtreffet i kommunen vår.
Me hadde stand i gata med plakatar, og me var fem folk frå styret som samla underskrifter til aksjonen.

Me var kobla opp til internett med medbrakt pc (takk til Enkel IT AS som let oss låne trådlaus tilkobling!) og skreiv inn namn etter kvart. I alt 334 namn kom med på listene, og dei me ikkje rakk å registrere der og då har eg lagt inn heime nå. Folk frå mange kantar av landet skreiv seg på.

Me er stornøgde, ein bra dag. Nå har Strand kommune 333 namn og det er fint. Til opplysning så har kommunen godt 10 000 innbyggarar, lokalmållaget nær 100 innskrivne.

Me er ein såkalla randkommune, med omlag 50-50 fordeling mellom bokmål og nynorsk på innskrivne førsteklassingar. Utfordringa nå blir å få med så mange som mogleg av dei som har skrive seg på lista inn som medlemmer i laget. Me tar fatt på det arbeidet til hausten.

Beste helsing Audun Rake
Leiar i Strand Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no