Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Folkefest for sjølvstende og folkestyre!

 (07.06.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 07.06.05. Noregs Mållag ønskjer til lukke med dagen!
– Frigjeringa frå Sverige i 1905 var avgjerande for folkestyre i Noreg. Då vart Noreg frigjort frå ein union styrt med basis i personleg kongemakt, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag.

– Kampen for unionsoppløysing var storpolitikk som kveikte heile det norske folket. Dei store folkerørslene stod i spissen for dette arbeidet, med idear som at kvinnene burde ha røysterett, innføring av det norske språket; nynorsken og norsk sjølvstende, påpeikar Steinulf Tungesvik.

Dei seinare leiarane av Noregs Mållag, Jørgen Løvland, Halvdan Koht og Nikolaus Gjelsvik var statsminister Michelsen sine næraste medarbeidarar i 1905.

Noregs Mållag tykkjer difor det er ekstra kjekt at det i dag vart avduka ei byste av Jørgen Løvland på 7. juni-plassen i Oslo. Han vart Noregs første utanriksminister, og var òg mannen som foreslo at prins Carl skulle ta namnet Kong Haakon den 7.

Noregs Mållag kjenner glede over dette og meiner det er god grunn for ein folkefest. Noregs Mållag oppmodar folket om å la sjampanjekorkane smelle!

For meir informasjon:
Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 91 80 56 20 (m)
Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag, 57 68 66 18 (h)

Sjå også <a href="http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/9473/9473">1905 - unionsstrid og målstrid</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no