Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

For lite nynorsk i Telemark

 (07.06.2005)

Melding. 07.06.05. Telemark Mållag kritiserer Høgskolen i Telemark for å bruke for lite nynorsk,
<a href="http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_ostafjells/telemark/4805843.html">melder i NRK Telemark</a>

Dette skriv NRK Telemark:

Nestleiar i Telemark Mållag, Ragnvald Christenson, seier Høgskolen i Telemark må bli flinkare til å bruke nynorsk.

Ragnvald Christenson er nestleiar i Telemark Mållag
I følgje Norsk Språkråd brukte Høgskolen bare rundt ti prosent nynorsk i fjor, mens minstekravet er 25 prosent.
- Høgskolen i Telemark må følgje lova, seier Ragnvald Christenson.

Han meiner Høgskolen brukar for lite nynorsk, og seier at når administrasjonsmålet i fylket er nynorsk så bør undervisningsinstitusjonane følgje det.
- Då distriktshøgskolen kom til Bø blei det sagt at dette ville styrke nynorsken, og så er det stikk motsatt.

I Mållova heiter det at ingen av dei to offisielle målformene skal vere representert med mindre enn 25 prosent. I følgje tal som Høgskolen sjølv har rapportert til Norsk Språkråd, brukar institusjonen bare rundt 10 prosent nynorsk.

Informasjonssjef ved Høgskolen, Per Magnus Holtung, innrømmer at dei har eit problem.
- Vi klarar ikkje oppfylle den lovpålagte normen om 25 prosent nynorsk, innrømmer han.

Holtung seier det er forskjellige årsaker til dette, men at Høgskolen vil ta kritikken alvorleg.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no