Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Til lukke med dagen!

 (07.06.2005)

Melding. 07.06.05. I dag er det 100 år sidan Stortinget vedtok samrøystes at unionen med Sverige ikkje lenger eksisterte. Ei Løvland-byste laga av Anders Svor blir avduka på Haakon VIIs plass utenfor Utenriksdepartementet i dag klokka 1345. Jan Kløvstad har skrive <a href="http://www.bt.no/meninger/kronikk/article.jhtml?articleID=374830">artikkel om Jørgen Løvland og 1905 i Bergens Tidende</a>. Sjå også <a href="http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/9473/9473">1905 - unionstrid og målstrid</a>.

Nationen skriv dette på kommentarplass: <a href="http://www.nationen.no/meninger/kommentar/article1617374.ece">Folket som ikke ville være annerledes. "I vår iver etter å kaste nisselua, er vi også i ferd med å kaste mye av det særegne i den norske kulturen på båten."</a>

Slik ser teksten ut som ligg på Bergens Tidende si nettside:

"Jørgen Løvland var ein av dei mest respekterte politikarane i Norge da han kasta seg inn i sluttstriden om eiga norsk utanriksteneste, den såkalla konsulatsaka i januar 1905. Han blei ein av dei tre store i striden for eit sjølvstendig Norge fram mot unionsoppløysinga 7. juni, saman med Fridtjof Nansen, og sjølvsagt Christian Michelsen. Løvland hadde vore ute av politikken ei kort tid, og var redd for at «Konsulatsagen sovner bort, efter at der har været Ophidselse nogle Uger» rundt jul. Løvland kasta seg ut i kampen, og skreiv sjølv etter eit folkemøte han talte på at det var «fullt hus og folket var som et stemt piano. Naar en slog på strengene, saa sang hele verket».

Da Francis Hagerups Høgre-regjering med programmet «Forhandling, bare forhandling» ramla frå kvarandre i februar, gjekk Christian Michelsen til Venstrehovdingen Løvland. I Stavanger Avis skreiv Løvland at når folk begynte å tenke grundigare over unionen «så rakner hele sømmen. Det er dette som skal til: Unionen må bli løst i menneskesindet - da får vi en samlet national politik».


Løvland blei norsk statsminister i Stockholm og fekk ansvaret for forhandlingane med kong Oscar II og den svenske regjeringa. Han fann seg gode allierte i Karl Staaff og Hjalmar Branting. Staaff var leiaren av det liberale partiet, seinare med i forhandlingane i Karlstad og frå seinhaustes 1905 svensk statsminister. Branting var leiar for det nye sosialdemokratiske partiet. Løvland forhandla med kongen, kronprinsen og regjeringa. Han losa gjennom 40 millionar kroner til å styrke det norske forsvaret, i eit godt kamuflert vedtak med auka apanasje til kronprinsen i same slengen.

Det kom brev frå Hans Faret i Hornnes, som var stolt av slektningen sin: «der er en stor Ære for vor Slægt, ja for hele det Land. Tænk, en Bondegut fra Evje er Statsminister i Stockholm!» Og Løvland tok seg tid til å svare: «Naar man er forvisset i sit Sind og ved sin Pligt, da er Gjerningen ikke saa tung. Det har da faldt i min Lod med Alvor, Ro, Værdighed, Klarhed og Varme at tolke mit Fædrelands Tarv og Ret i onde Tider og der, hvor Afgjørelsene falder. Jeg ser og ved Opgaven og er Ængstelig for dens Storhed og Vanskeligheder. Men jeg er ikke ræd for den».


Over heile landet hadde Venstre og ungdomslaga hatt ein serie folkemøte med krav om å sette tyngde bak krava om krav om at Norge skulle ha sitt eige utanriksvesen. Ofte var det samrøystes kommunestyre og amtsting, noen stader også «møde med begge partier», det vil seie Venstre og Høgre. Ingen stader stod Høgre aleine bak krava om å handle.

Odelstinget skulle vedta konsulatloven 18. mai, og dagen blei eit stort nederlag for Høgres store leiar ved valet i 1903. Den avgåtte statsministeren Francis Hagerup forsøkte å hindre vedtak som kunne bryte opp unionen med Sverige: «Hertil mener jeg, at dette storting, som sagt, ikke har noget mandat. Det gjælder ialfald ubetinget for det parti, hvoraf jeg er valgt, og hvis valgprogram efter min opfatning udelukker en unionspolitik, som allerede i indeværende periode kan lede til brud». Høgres leiar ville altså halde på unionen 18. mai, dagen etter Fridtjof Nansens nasjonale 17. mai-tale på Akershus, der Nansen ville ha eit sjølvstendig Norge, om det så skulle koste kjøt og blod. Hagerup forsøkte å utsette unionsoppløysinga, og «at sagen ikke tages under behandling af indeværende aars odelsting». Odelstingspresident Carl Berner svarte Hagerup: «Præsidenten ønsker ikke at lægge noget baand paa ytringsfriheden her i salen; men præsidenten retter en indtrængende henstillen til odelstinget om ikke at fortsætte debatten ud på de vidder, som var anlagt af den sidst ærede taler».


Berre fem andre Høgre-folk støtta Hagerup, og voteringa blei sett på som foreløpig. Før endeleg votering samla også desse siste nervøse unionstilhengarane seg om å stå bak samrøystes vedtak. Etter det var det samrøystes vedtak også i Lagtinget 23. mai.

Jørgen Løvland skulle legge vedtaka fram for kong Oscar II på Stockholm Slott 27. mai. Han rekna med at kongen ville nekte å skrive under, altså nekte å «sanksjonere vedtaket». Situasjonen var spent. Løvland skreiv i notata sine: «Vort arbeide maa tage Sigte paa at en Krise med Unionsopløsning kan gaa saa lidenskabsløst som mulig: Rolig, bestemt, værdig, uden Ophidselse eller eggende Optræden i Presse og Thing eller fra Regjeringens Side,- da ser det ud som en krise kunde ske uden Voldsomheder. I møtet med kongen og kronprinsen las Løvland heile innstillinga frå den norske regjeringa, og han la fram «Stortingets vedtak so snildt eg vann». Kongen sa nei, han ville ikkje sanksjonere vedtaket. Løvland protesterte og sa at eit veto ville føre landa inn i ei alvorleg krise, og at sanksjonsnekting var eit brot på konstitusjonell statsskikk og ei krenking av Norges suverenitet. Heile replikkvekslinga er nøye notert i dagbøkene frå dei norske forhandlarane. Kongen forlangte at sekretær Sibbern skulle sette opp protokoll for kongens nei. Men Jørgen Løvland greip inn og minna Kong Oscar II om at Sibbern var Løvlands sekretær og ikkje kongens. Løvland var, etter paragraf 15 i grunnlova, kongens sekretær «og jeg måtte nægte at sætte op protokol». Kongen gav seg ikkje og baud Løvland sette opp protokoll. Igjen nekta Løvland og sa han hadde med seg avskilsøknadar frå heile den norske regjeringa.


Det må ha vore ei tett stemning i møtesalen på Stockholm Slott. Men det roa seg. Kongen gjekk mot døra, men snudde seg, gav handa til Jørgen Løvland og sa, slik Løvland skreiv det ned: «Ja, ko som skjer, lat inkje personleg uvilje vere os imellom». Det var ein historisk augneblink: «Vi følte det som unionens og fælleskongens siste stund. Ingen av dem var i funktion mer».

På Stortinget sat Christian Michelsen og venta på telefon frå Løvland. Han lot Løvland sine ord synke: Kongen hadde sagt nei, og han hadde i tillegg innrømma at han ikkje kunne skaffe Norge ny regjering. Jørgen Løvland hadde gjort unna den viktigaste etappa på vegen mot eit sjølvstendig land, med «Modenhed, Styrke og Diciplin». Nå var det opp til Michelsen og Løvland å legge strategien fram mot det som skulle bli den store frigjeringsdagen; 7. juni."

av Jørgen Løvland.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no