Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Katta Målungdom har samla inn underskrifter!

 (06.06.2005)

Melding. 06.06.05. Tidleg ein morgon i mai gjekk Katta Målungdom og Oslo Målungdom til aksjon på Oslo Katedralskole.

Då stilte dei seg opp ved hovudinngangen på skulen og samla inn underskrifter for Slepp nynorsken til-kampanjen.

- Det gjekk veldig fint! Over halve skulen skreiv seg under på listene våre, fortel Jens Kihl. Han reknar med at om lag 250 elevar har skrive under på kravet om å oppheve nynorskforbodet i VG og Dagbladet.

Leiarane i Oslo Målungdom og Katta Målungsom, Mari Lund Arnem og Maria Svendsen, organiserte det heile og var godt nøgd med oppslutninga om kampanjen som gjekk av stabelen onsdag 11. mai 2005.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no