Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Arne Johannessen

 (06.06.2005)

Melding. 06.06.05. Arne Johannessen fekk laurdag Målprisen 2005 frå Luster mållag under Lustramarknaden. Johannessen er landskjend som forbundsleiar i Politiets Fellesforbund og fekk prisen for konsekvent og framifrå bruk av nynorsk skriftleg og munnleg.

Johannessen er frå Øystese i Hardanger, men har budd over 20 år på Hafslo og har for tida permisjon frå stillinga som lensmann i Sogndal.

Leiar i Luster mållag, Oddmund L. Hoel, heldt denne tala i samband med prisutdelinga:

Luster mållag deler for fjerde gong ut Målprisen.
Prisen skal gå til verksemder, institusjonar, organisasjonar eller personar i Luster

a) som nyttar nynorsk på eit felt der målet i utgangspunktet ikkje står så sterkt
b) som syner nynorsken fram til særleg utsette eller viktige grupper, til dømes ungdom og ungar
c) som òg brukar nynorsk i møte med bokmålsbrukarar, i eller utanfor lokalsamfunnet
d) som syner særleg interesse for målodling og god nynorsk

Jury for prisen er styret i Luster mållag. Tidlegare har prisen gått til verksemder, og det er med stor glede me i år gjev prisen til ein person.

Målprisen for 2005 går til Arne Johannessen!
Arne Johannessen skulle vera kjend for dei fleste, ikkje berre i Luster og Sogn, men òg på landsplan. Det er no lenge sidan hardingen kom til Luster som politibetjent og etterkvart markerte seg tydeleg både som politimann, lokalpolitikar og ikkje minst lensmann i Sogndal.

Det er likevel den høgprofilerte rolla som fagforeiningsmann i ei årrekkje som gjer at han får prisen, fyrst som forbundsleiar i Lensmannsetatens Landslag og dei siste åra i Politiets Fellesforbund.

Han har markert seg som ein av Noregs dyktigaste og tydelegaste debattantar, og i den offentlege posisjonen har han konsekvent nytta nynorsk skriftleg og ein hardingfarga nynorsk munnleg. Det siste må understrekast i ei medieverd der radio og fjernsyn er så dominerande. Seinast denne veka kunne lesarane av Dagbladet og andre storaviser hyggja seg med innlegg av Johannessen, som alltid ikkje berre på nynorsk, men på god nynorsk.

Eit kjennemerke ved Johannessen er nettopp den rolege og språksikre måten han ytrar seg på. For oppveksande nynorskbrukarar som i ein del samanhengar slit med å halda på målet sitt, kan det knapt overvurderast kva det har å seia at folk som Johannessen står fram som språklege førebilete i ei bokmålsdominert medieverd og i ein bokmålsdominert del av arbeidslivet.

Sidan Johannessen òg er kjend som ein ivrig friluftsmann, tykte me det høvde med eit fototrykk med motiv frå platået på Jostedalsbreen av jostedalskunstnaren Gry Celius.

Til lukke med Målprisen 2005!

Gaupne, 4. juni 2004
Styret i Luster mållag
Oddmund L. Hoel, leiar
Stein Næss, Kjellfrid Alme, Ivar Buskaker og Hans Fossøy.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no