Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Slepp nynorsken til i Dagbladet og VG

 (01.06.2005)

Melding. 01.06.05. Leiar i Sunnmøre Mållag, Veronika Bonaa, har skrive lesarbrev i <a href="http://www.smp.no/default.asp?page=1035&item=343220,1&lang=1">Sunnmørsposten</a>.

Dette står på trykk i Sunnmørsposten: "På Sunnmøre, som over alt elles i landet, er det slik at same kva for ein kiosk eller daglegvarebutikk ein stikk innom, så er det to aviser som lyser imot ein rett ved sida av kassa: VG og Dagbladet. Dei er Noregs største aviser, og dette gjer dei også til nokre av dei viktigaste språkprodusentane og språkformidlarane våre. Då er det eit stort problem, både språkleg og demokratisk, at desse avisene rett og slett har forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. Bokmål og nynorsk er jamstelte språk, og dette bør også skine gjennom hos dei som kallar seg riksaviser. Ein slik tittel fortener ein ikkje om ein stengjer ute språket til over ein halv million nordmenn.

Noregs mållag starta for om lag ein månad sidan ein kampanje der vi oppmodar VG og Dagladet om å oppheve nynorskforbodet sitt. Denne kampanjen har vorte ein stor suksess. I skrivande stund er det kome inn over 21 000 underskrifter! Dette syner at det faktisk, ulikt det VG og Dagbladet hevdar, finst eit sterkt ynske hos mange nordmenn om å få inn nynorsken i riksavisene. Likevel ynskjer vi oss sjølvsagt fleire underskrifter, så mange som i det heile mogeleg! Sunnmøre mållag vil difor oppmode alle om å gå inn på internettadressa www.nm.no/sleppnynorskentil og vere med i kampen for å få nynorsken inn i riksavisene!
Sunnmøre mållag."

VERONIKA BONAA
ÅLESUND

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no