Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Startsida.no på nynorsk!

 (31.05.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 31.05.05. Startsiden.no er ein av dei to største nettstadene i Noreg. Kvar dag har nettsida 600 000 unike brukarar innom sidene sine. No lanserer dei nettsidene sine på nynorsk, med nytt domenenamn.
– Dette er eit historisk og viktig lyft for nynorsken på Internett, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag.

Den nye sida www.startsida.no vil vere ein komplett omsett versjon av Startsiden.no. Med nynorsksatsinga gjer ABC Startsiden AS seg attraktiv for det store marknadssegmentet dei 600.000 nynorskbrukarane i landet utgjer . Espen Udland, administrerande direktør i ABC Startsiden AS, fekk Målblomen 2005 av Noregs Mållag på landsmøtet i april, for å ha lage denne nynorske startsida.

– Nynorsken er eit fullverdig bruksspråk på alle område. Difor er dette eit nødvendig skritt framover. No vonar vi at andre store nettstader kjem etter med nynorsk på nettet, utfordrar Steinulf Tungesvik.


For meir informasjon:
Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 91 80 56 20 (m)
Eli Bjørhusdal, nestleiar, 95 16 55 10 (m), 57 68 66 18 (h)
Gro Morken Endresen, dagleg leiar, 95 78 55 60 (m)

Meir informasjon om saka finn du her: www.nm.no

Les også <a href="http://www.propaganda-as.no/php/art.php?id=214913">Propaganda</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no