Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Startsida.no vert lansert på nynorsk

 (31.05.2005)

Dei fleste har gjerne høyrt om startsiden.no. Med om lag 600 000 brukarar dagleg har internettportalen opplevd ein eksplosiv vekst. No skal nynorskbrukarane «frelsast».

Den 20. mai vart www.startsida.no lansert på nett. Dette vil vere ein komplett omsett versjon av den Startsiden.no vi kjenner i dag. Med nynorsksatsinga «startsida.no» tek ABC Startsiden AS eit nytt stormskritt mot å erobre den norske Internett-marknaden. Ein entusiastisk Espen Udland, administrerande direktør i ABC Startsiden AS meiner det er på høg tid at nynorsken slepper til på nett.
– Målet er å skape den absolutt beste startsida for nynorskbrukarar. Per i dag finst det inga god startside på nynorsk, og det vil vi forandre på. Vi vil gjerne vere eit lokomotiv for nynorsken på nettet, seier han med eit breitt smil.

Økonomisk interessant
Udland legg ikkje skjul på at det også ligg økonomiske motiv attom satsinga.
– Det er klart at vi også kjem til å tene på å få fleire brukarar gjennom annonseinntekter. I ein marknad der nærare 600 000 bruker nynorsk, er det klart at vi ser på dette som interessant. Vi trur at startsida.no vil gje oss fleire lojale brukarar. ABC Startsiden AS har allereie fått Noregs Mållags «målblome» for prosjektet, som vart starta på eige initiativ.
– Dei tilsette i Startsiden hadde ein idédugnad for å sjå på moglege vekstområde for tenesta vår. Eitt av mange gode framlegg som kom opp, var å lage ei startside for nynorskspråklege, forklarer Udland.

Samarbeid med Mållaget
Han er svært glad for å få støtte frå Noregs Mållag i prosjektet.
– Reaksjonane har vore veldig positive. Både dagleg leiar og styret i Mållaget har vore svært entusiastiske. Ikkje minst har dei vore imponerte over at ei bedrift vel, heilt friviljug og utan press frå nokon, å leggje til rette for ei nynorskspråkleg teneste. For oss var det også veldig morosamt og inspirerande å delta på landsmøtet til Noregs Mållag i april. Der fekk vi for alvor lansert ideen for sjølve kjernen av målgruppa, understrekar Espen Udland.

Felles prosjekt
Tanken bak startsida.no er altså at alle dei om lag 60 000 peikarane som ligg i emnekatalogen til startsiden.no, skal få omtalane sine omsette til nynorsk. I tillegg vil nynorsk skriftspråk kunne brukast i søkjemotorane (til dømes Google og Startsidens katalogsøk). Magasinet til Startsiden, Neste Klikk (www.nesteklikk.no), vil også få eigen artikkelproduksjon på nynorsk. Startsiden har fått fleire interessante aktørar med seg på prosjektet, eit prosjekt som også er vorte tildelt økonomisk støtte av Innovasjon Norge. I tillegg til Noregs Mållag har Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) vist interesse for «startsida». Tenesta Nyno.no har arbeidd saman med Startsiden for å finstille søkjemotorane slik at brukaren kan bruke nynorsk i søkjeboksane og få treff i både nynorsk- og bokmålsdokument. Alt ligg med andre ord til rette for ei braklansering i mai.

Fakta
• ABC Startsiden er ein av dei mest brukte «portalane» i Noreg – ei kompakt og fyldig innhaldsliste over alt mogleg som finst på Internett og som du ofte treng, til dømes nyhende, vêr, helse, mat, nettbutikkar, økonomi, oppslagsverk, underhaldning osb.
• ABC Startsiden blir vedlikehalden av ein eigen redaksjon som gjer eit grundig arbeid med utvalet.
• Tenesta vart starta sommaren 1996 av Tom W. Ottmar, og vart fram til sommaren 1999 driven av same person åleine. Eigarsituasjonen i dag er: Telenor Internett eig 83 prosent, Schibsted Multimedia er inne med 16,5 prosent, og dei resterande er åtte av tilsette i ABC Startsiden.


Teksten har tidlegare stått på trykk i Norsk Tidend 3/2005.

Sjå den nye <a href="http://www.startsida.no/">www.startsida.no</a>

Les om utdelinga av <a href="http://www.nm.no/side.cfm/1660/41743">Målblomen 2005</a>

Sjå bilete av <a href="http://www.nm.no//bilder/espenogbjorn1.jpg">Espen Udland og Bjørn-Olav Strand</a> (Foto: Elise Eriksen

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no