Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

"Rånaren" held mest på dialekten

 (30.05.2005)

Melding. 30.05.05. Om du held på dialekten din eller ikkje, handlar i stor grad om kven du er – eller vil vere – og om kva slags forhold du har til heimplassen din, hevdar Unn Røyneland, doktorgradstipendiat og medlem av styret i Noregs Mållag.

Ho tek doktorgraden ved Universitetet i Oslo på ei avhandling om dialektendring blant ungdom på Røros i Sør-Trøndelag og Tynset i Nord-Østerdalen.

Ungdom i bergstaden Røros har i stor grad behalde den lokale dialekten. Men i stasjonsbyen Tynset, berre fem mil unna, snakkar mange nærmast som jamaldringar på austkanten i Oslo.

Røros lever for ein stor del av å selje lokale tradisjonar, historie og kultur. Det å ta vare på rørosdialekten inngår på den måten som ei viktig vare i den moderne turistøkonomien.

Det at Røros er med på Unesco si verdsarvliste, gir igjen føde til auka stoltheit, sjølvbevisstheit og positiv identitetsoppleving. Denne positive sirkelverknaden finn ein ikkje på same måte på Tynset.

Korleis er heimstadens status med på å forme den enkeltes dialektbruk, spør Røyneland i avhandlinga.

Ho viser at ungdomane tar meir eller mindre bevisste identitetsval gjennom språkbruken sin. Det er ein særleg stor språkleg og kulturell motsetnad mellom dei urbant orienterte «sossane» og dei meir rotfaste «rånarane» – både på Røros og Tynset.

Avhandlinga viser at det først og fremst er gutar som både held mest og minst på dialekten, og at statusen til heimstaden er sentral for dialektens symbolske verdi. (NPK)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no