Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Verv til tusen!

 (27.05.2005)

Melding. 27.05.05. Norsk Målungdom har sparka i gang ei ny vervetevling. Målet er å koma over 1000 teljande medlemer før sumarleiren som startar 2. august 2005.
- Med fleire medlemer vonar me òg at me får fleire som vil vera med å gjera lokallaga våre endå meir aktive rundt om i heile landet, seier Synnøve Myking, påtroppande leiar i Norsk Målungdom.

På heimesida til NMU er oppmodinga klår: ”Vil du framleis ha eit levande ordskifte om nynorsken? Vil du sikra at nynorskelevane skal ha dei same rettane som bokmålselevane? Vil du vera med å arbeida for å betra sidemålsundervisinga i skulen? Verv til NMU!”

Alle kan verva
- Jens Kihl, du er med i nemnda for denne vervekampanjen. Kva er ein teljande medlem?
- Når ungdomsorganisasjonar søkjer om statsstønad har staten eit krav om at ein må ha minst 1000 teljande medlemer. Ein teljande medlem er under 26 år. NMU har om lag 1400 medlemer i alt, men me treng altså fleire unge medlemer. For at ein skal få premie i denne vervetevlinga må ein difor verva folk under 26 år, informerer Jens.

- Må ein vera under 26 år for å kunna verva òg?
- Nei, kven som helst kan verva! Anten ein er fjortis eller russ, student på tiande året eller mållagsmedlem i sine beste år.
- Korleis vervar ein, då?
- Fyrst kan det vera lurt å laga seg ei liste over folk som ein kjenner, og som ein trur kan tenkja seg å verta medlemer. Så er det berre å byrja med å spørja folk. Ein kan anten nytta innmeldingsskjemaet på nettsida til å melda folk inn, eller ein kan be skrivarstova om å få tilsendt verveblokker. I båe tilfelle er det viktig at ein fører på kven som har verva den nye medlemen. Eit godt tips elles er å alltid ha med seg ei verveblokk i veska eller lomma!

Unike premiar
Ylva Torilsdotter Tyssing er òg med i kampanjenemnda. Ho er oppteken av at det er fleire originale premiar som ein kan vinne.
- Kva premiar kan de freista med for å setja fart i den som er litt slapp og ikkje heilt orkar å henta fram verveblokka?
- Me har laga ein heilt spesiell kleskolleksjon med unike trykk. Til dømes kan du få truser med Ivar Aasen eller Hulda Garborg på, eller kanskje det freistar med ei t-skjorte eller ein stroppetopp med tøffe slagord? Dessutan har me fått tak i fleire signerte eksemplar av ei heilt spesiell plate med bandet Glittertind, der dei framfører den gamle songen Flaumen går i gladpønkdrakt! Elles har me alt frå den største norske synonymordboka og heilårstinging på Dag og Tid, til studiehefte, eksklusive jakkemerke og t-skjorter frå Kaizers Orchestra. Eg vil oppmoda alle om å fylgja med på nettsidene, då det innimellom kjem til å dukka opp spesielle tilbod som gjeld vervingar for ein særskild dag eller veke!

<stong>Viktig med stabilt medlemstal
Men er det verkeleg naudsynt med ein slik kampanje for at NMU skal koma over kravet for statsstønad? Spørsmålet går til Synnøve Midtbø Myking som er valt til ny leiar i Norsk Målungdom.
- Nei, ikkje strengt teke, smiler Synnøve.
- I fjor hadde me 1066 teljande medlemer av 1428 i alt, og me har ein god medlemsmasse no. Men det beste er om me greier å koma opp på eit endå meir stabilt nivå. Målet med denne vervekampanjen er difor å koma over 1000 teljande medlemer med nokre hundre, og då er det klårt at me er avhengige av at så mange som mogleg er med å vervar. Med fleire medlemer vonar me òg at me får fleire aktive medlemer som vil vera med å gjera lokallaga våre endå meir aktive og synlege rundt om i heile landet!

Fakta: Verv til tusen
> Dei nye medlemene må vera verva mellom 26. april og 1. august.
> Vervingane må vera oss i hende innan 1. august.
> Dei ein vervar må vera teljande medlemer (under 26 år).
> Alle som vervar får eit eige vervediplom.
> Hovudpremie til den som vervar flest (over 20 nye medlemer): Gratis sumarleir i Göteborg 2. – 7. august og eksklusiv t-skjorte med spesialtrykk.
> Premie til laget som vervar flest: Festkveld på den lokale pizzarestauranten, eigne, unike jakkemerke, heider og ære og eit stort diplom.
> Du vel sjølv om du vil ta ut premie etterkvart eller spara opp.

Fleire premiar, vervetips og jamleg oppdatert informasjon på <a href="http://www.nynorsk.no/nmu/">www.nynorsk.no/nmu</a>!

Tekten er henta frå Norsk Tidend 3/2005.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no