Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dei nynorske golfspela

 (24.05.2005)

Melding. 24.05.05. Tidlegare redaktør av Se og Hør og utgjevar av magasinet Norsk Golf, Knut Haavik, skal gå opningsrunda på turneringa Dei nynorske golfspela.

Dette gjer han saman med golfskribenten Halvor Kleppen, Jan Gundersen frå Volda golfklubb og Ragnhild Aarflot Kalland, ordførar i Volda.

Golfentusiasten Haavik ser fram til å gå sin første runde på golfbana i Volda, og vere med i den første golfturneringa der ingen av spelarane vil slå ein bogey, birdie eller ein chip. For under Dei nynorske golfspela er alle golforda på nynorsk.

Ideen til verdas første nynorske golfturnering kjem frå austlendingen Jan Gundersen i Volda golfklubb, og ideen engasjerer golfarar på tvers av målform.

– Vi har allereie fått inn fleire gode forslag til nynorske golford frå mange kantar av landet, og kreativiteten er stor, seier informasjonsleiar Gaute Øvereng ved Nynorsk kultursentrum.

Han vil førebels ikkje røpe noko, men mange av forslaga som er sendt inn via nettstaden <a href="http://www.aasentunet.no/">www.aasentunet.no</a> ber preg av både humor og stor golfforståing.

– Alle forslaga som kjem inn skal til ein språk- og golf-fagleg jury som vil sette saman ein fullstendig nynorsk golfterminologi før golfturneringa startar 1. juli. Og dei beste orda vil bli premierte, lokkar Øvereng.

Turneringa Dei nynorske golfspela er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Volda golfklubb og blir arrangert 1.-2. juli, under Dei Nynorske Festspela. Det er plass til 72 spelarar, og påmeldingane har alt begynt å strøyme inn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no