Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Er nynorskfolk interesserte i sex?

 (23.05.2005)

Melding. 23.05.05. Er nynorskfolk interesserte i sex?spør Egil Johan Ree i Her og Nå i kåseriet sitt i dag.

Dette sa Egil Johan Ree på Her og Nå. Referat frå Observer as:
"Pornosider med nynorsktekst som studiefinansiering
En ung mann fra bergenskanten finansierer studiet sitt ved å presentere pornografiske bilder med nynorsk tekst. Dette har fått en litt eldre og adskillig mer erfaren mann til å studere tilbudet.

NRK-journalist Egil Johan Ree: - Er nynorskfolket interessert i sex ? Spørsmålet er truleg blitt diskutert i urbane krinsar der kjennskapet til den nynorske delen av folket er heller perifer. Oppslag i pressa i det siste tyder i alle fall på at det i somme redaksjonar blir sett på som overraskande og eksotisk at pornografi kan presenteres på Ivar Aasen-mål.

- Bergensavisen og Dagbladet har de siste dagene oppdaget at en ung mann fra Sund i Hordaland har laget en nettside der han viser erotiske bilder med tekst på nynorsk. Dette har ført til oppslag i dei to avisene. Og dei som måtte ha vore i tvil, kan nå få veta at det ikkje berre er bokmålsfolk som er interessert i sex og porno.

- Dagbladet har snakket med leiaren i Noregs Mållag, Steinulf Tungesvik, som meiner dette er en milepæl for nynorsken. - Det er ei markering som syner at nynorsken har sprengt endå ein grense, sier Tungesvik.

- Som leiar av Mållaget, har han kjempa fånyttes for å få riksaviser som Dagbladet og VG til å bruka meir nynorsk. Nå kan han i det minste gle seg over at ei nettside som er åpen for alle, presenterer tabuord på nynorsk. Når Noregs Mållag ser dette som ein siger, må det neste kravet vera at vi får eit erotisk blad på nynorsk. I alle fall svenskane ville meine at dette var ei naturleg oppgåve for Det Norske Samlaget.

- Om studenten frå Hordaland, som står bak den pornografiske nettsiden, er medlem av Noregs Mållag, veit vi ikkje. Men så entusiastisk som Tungesvik er, må vi helst tru at studenten er kvalifisert for eit æresmedlemskap for pionerverksemda si.

- Til Bergensavisen forteller studenten at han finansierer økonomistudiet sitt med inntekta frå nettsida. Kvar tysdag legg han ut ei ny filmsnutt som kundene kan få sjå mot å betala 30 kroner. Han tjener gode penger, seier han til avisa.

- Endå meir kjem han vel til å tena når han har fått så mykje omtale av tiltaket sitt. For nå blir det sikkert mange nyfikne som klikkar seg innpå for å sjå. Dei vil snart finna ut at bileta av dei avkledde damene ikkje skil seg ut frå bileta vi finn på tilsvarande bokmålssider.

- Når det gjeld språket, veit vi at mange bokmålsfolk lar seg hissa opp av nynorsk uansett, så der kan det bli litt ekstra å henta for dei nyfikne. Elles er vi redde for at studentens tidligere norsklærarar også kjem til å øsa seg opp litt. Her er mykje å bruka raudblyanten på i den nynorske teksten.

Journalist: Egil Johan Ree. (Fulltekstutskrift)

Tid: 15:05

NRK P1 Her og Nå, 2005-05-23"

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no