Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget fekk fullt medhald i striden om nynorskopplæring i Sandnes

 (23.05.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 23.05.05. Gulating lagmannsrett har avgjort at Sandnes kommune har brote opplæringslova når dei har tvinga elevane i nynorske parallellklassar undervising på bokmål.

Sandnes kommune og KS må betala 161.000 kroner i sakskostnader til Mållaget, som vann saka fullstendig.

I opplæringslova gjeld ein rett til parallellklasse med avvikande målform når minst 10 elevar krev det. Sandnes kommune har ved tre skular blanda nynorsk- og bokmålsklassene, slik at alle har fått undervisninga i dei fleste fag på bokmål.

Retten til opplæring på nynorsk er då illusorisk, og retten har slege fast at praksisen er ulovleg, jamfør orskurd oversendt frå Gulating lagmannsrett 23. mai 2005.

Fleire skular over heile landet har utøvd den praksisen som no er kjend ulovleg, og det har vore klagesaker frå foreldre både der det har vore bokmåls- og nynorskparallellklasser.

– Vi er svært glade for at lagmannsretten så klårt slår fast at denne praksisen er ulovleg, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag. – Sandnes kommune har køyrt eit svært aggressivt forsvar for den ulovlege praksisen, og har gjennom avgjerda fått ein alvorleg smekk, noko sakskostnadene også ber tydeleg bod om.

– Dette er ei overmåte viktig prinsipiell avklaring for alle kommunar i heile landet, held Tungesvik fram. Han forventar no at Utdanningsdirektoratet etter avgjerda straks kjem ut med eit rundskriv som pålegg alle kommunar å følgja lova i tråd med lagmannsrettens retningsliner.


For meir informasjon: Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 91 80 56 20 (m)

Vil du lese orskurd frå Gulating Lagmannsrett? Ta kontakt med <a href="mailto:steinulf.tungesvik@kluge.no">Steinulf Tungsvik</a> eller <a href="mailto:hege.lothe@nm.no">Hege Lothe</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no