Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskforbodet i Dagbladet

 (23.05.2005)

Melding. 23.05.05. Me veit at Dagbladet på leiarplass har tala varmt for å halde oppe sidemålsundervisninga ved skolane i Oslo. Og me er glade for det. Men skal elevar i hovudstaden bli gode i sidemål, så treng dei språklege førebilete, skriv Tor Magne Egeland Leiar i Rogaland Mållag, Nils Moldøen Leiar i Hordaland Mållag, Anna Sofia Skaar Leiar i Sogn og Fjordane Mållag og Veronika Bonaa Leiar i Sunnmøre Mållag i eit debattinnlegg i <a href="http://www.dagbladet.no/kultur/2005/05/18/431966.html">Dagbladet</a>

Debattinnlegget som stod på trykk i Dagbladet, onsdag 18. mai 2005: "Nynorskforbodet i Dagbladet

FØLGJANDE ER kjent: Den lovande forfattaren Olaug Nilsen fekk tilbod om å vere spaltist i Dagbladet. Ho sa ja, men sette som vilkår å få skrive på nynorsk. Til det svara Dagbladet nei og trekte tilbodet tilbake. Makelaust! Ei avis som har programfesta frisinn og kulturell toleranse, driv reinspikka språkleg undertrykking. Me har to målformer i landet vårt. Dei er vakre på kvar sitt vis. Stortinget har sagt at dei skal vere likestilte. Men som me nå skjønar - dette gjeld ikkje for Dagbladet. Språket til Ivar Aasen, Olav Aa. Vinje, Arne Garborg, Olav Duun, Tarjei Vesaas, Jakob Sande, Per Sivle, Olav H. Hauge, Edvard Hoem, Kjartan Fløgstad, Tor Obrestad, Ragnar Hovland, Jon Fosse og språket til mange, mange fleire, medrekna kjente vise- og salmediktarar er ikkje fint nok for Dagbladet. Nynorsk skal haldast vekke frå spaltene. Dagbladet er ein maktfaktor i storsamfunnet og storprodusent av ord. Me spør: Kor hen vil Dagbladet med sin språkpolitikk? Skal me alle skrive bokmål? (- og helst tale Oslo-sjargongen?) Er ei slik einsretting eit kulturelt framsteg for nasjonen? Meiner eigarane av Dagbladet dette?


GLEDELEG NOK finst det media som går andre vegar. NRK og TV2 er offensive og har i aukande grad tatt i bruk det norske språk i all sin rikdom og mangfald. (Siste nytt er at TV2 skal tekste utanlandske seriar på nynorsk, slik dei gjer i NRK.) Me har store region- og distriktsaviser som redaksjonelt nyttar både bokmål og nynorsk. Tenk - dei har inga vanskar med det. Også kyrkja driv med språkblanding. No livnar det i lundar, syng me før preika. Etter preika kjem Å salige stund uten like. Ingen finn dette merkeleg. Snarare tvert imot. Utan nynorsk blir språkbildet meir stussleg og mindre fargerikt. To konkurrerande målformer skjerper språksansen hos alle. Ikkje minst journalistar som lever av å produsere ord, må vere opptatt av nyansar i språket. I ein redaksjon med bokmål og nynorsk, blir språkutviklinga meir fargerik og dynamisk enn om journalistane berre skriv bokmål. Einar Gerhardsen fortel ei lita historie i ei av sine bøker: Arbeidarpartiet sitt partiprogram blei ein gong «omsett» frå bokmål til nynorsk. Frå nynorsk blei programmet ført tilbake til bokmål. Resultatet: Språket blei betre, meir levande, meinte Gerhardsen. Me trur han så gjerne.


ME VEIT AT Dagbladet på leiarplass har tala varmt for å halde oppe sidemålsundervisninga ved skolane i Oslo. Og me er glade for det. Men skal elevar i hovudstaden bli gode i sidemål, så treng dei språklege førebilete, eksempel på god og moderne nynorsk. Finn dei det i Dagbladet - i VG eller Aftenposten? Nei - boikott av nynorsk i desse avisene gjer det vanskeleg å lære denne målforma. Konsekvensen blir auka motvilje mot faget. Skal Dagbladet vere ei kulturavis med liberal profil, må eigarane oppheve nynorskforbodet. Kravet er enkelt og rimeleg. Me er ei stor gruppe som skriv nynorsk. I tillegg kjem at mange bokmålsbrukarar - ja, fleire enn nokon skulle tru - stør kravet vårt. Nynorskforbodet i Dagbladet er blitt ei kampsak for heile landet. Kan hende eigarane bør tenkje litt på det?"

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no