Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gløym "Hundreårsmarkeringen" - lag folkefest for sjølvstende og folkestyre!

 (22.05.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag 22.05.05: Noregs Mållag meiner at hovudproblemet med den offisielle Hundreårsmarkeringen er at den er på eit kulturelt og politisk sidespor. I staden for å feire hundre år med folkestyre, legg Hundreårsmarkeringen Norge 2005 AS opp til ”en markering av vår rolle i verden”.

- Frigjeringa frå Sverige i 1905 var avgjerande for folkestyre i Noreg. Då vart Noreg frigjort frå ein union styrt med basis i personleg kongemakt. Det er oppsiktsvekkjande at Hundreårsmarkeringen Norge 2005 AS ikkje ønskjer å feire ei så avgjerande hending for folkestyret, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag.

Kampen for unionsoppløysing var storpolitikk som kveikte heile det norske folket. Dei store folkerørslene stod i spissen for dette arbeidet, med idear som at kvinnene burde ha røysterett, innføring av det norske språket; nynorsken og norsk sjølvstende. Dei seinare leiarane av Noregs Mållag, Jørgen Løvland, Halvdan Koht og Nikolaus Gjelsvik var statsminister Michelsen sine næraste medarbeidarar i 1905.

- Noregs Mållag kjenner glede over dette og meiner det er god grunn for ein folkefest. Noregs Mållag oppmodar alle andre om å gje blaffen i regjeringa sitt opplegg, og la sjampanjekorkane smelle!, seier Steinulf Tungesvik.



For meir informasjon, kontakt:

Steinulf Tungesvik (leiar), tlf 918 05 620

Eli Bjørhusdal (nestleiar), tlf: 951 65 510 / 57 68 66 18

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no