Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

No vil 20.000 sleppe nynorsken til!

 (19.05.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag 18.05.2005 I dag har Noregs Mållag sitt opprop for å sleppe nynorsken til også i riksavisene nådd 20.000 underskrifter. Det er ikkje mange underskriftsaksjonar på internett som har fenga så mange.
- Responsen er framleis upåklageleg, seier leiar i Noregs Mållag,Steinulf Tungesvik. Den veldige merksemda rundt aksjonen syner at svært mange meiner nynorsken høyrer heime i VG og Dagbladet like sjølvsagt som i NRK og TV2. Tungesvik har tru på at dette gjer inntrykk på redaktørane som avgjer språkvalet.

Det har teke akkurat ein månad for Noregs Mållag å nå 20.000 underskrifter på www.nm.no. Aksjonen er ei oppmoding til VG og Dagbladet om å sleppe nynorsken til på redaksjonell plass, og avslutte det som i praksis er eit forbod mot å få lese nynorsk i desse avisene.

For meir informasjon: Leiar Steinulf Tungesvik, mob 91 80 56 20

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no