Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Dagbladet, ikkje spark dei nynorskskrivande journalistane!

 (13.05.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 13.05.05. Dagbladet er i krise og møter framtida med store stillingskutt. I tillegg skal redaksjonen revurdera stoffval, innretting og profil.
- Noregs Mållag utfordrar avisa til å nytta eit gyllent høve til å sleppe nynorsken til, seier leiar i Mållaget, Steinulf Tungesvik.

- Det er ikkje overraskande at Dagbladet sel mindre. Eg kjenner mange lesarar som slit med lojaliteten til den gamle liberale kulturavisa, og har fått nok av ei avis fylt med lettvinte løysingar på problem dei ikkje har, held Tungesvik fram.

Noregs Mållag har utfordra Dagbladet til å opna for nynorskartiklar i redaksjonen, der det sit mange journalistar som skriv best på nynorsk. Desse gode pennane vil gjera avisa betre om dei får sleppa meir til på nynorsk, slik eit intervju med Olaug Nilssen i Dagbladet 13. mai 2005 er døme på. Ta godt vare på dei! oppmodar Tungesvik.

- Eit vidare opning for nynorsken vil vera å snu om den kursen som har gjeve opplagsnedgang, seier Tungesvik. - Det vil visa at Dagbladet i praksis er avisa for mangfald, kreativitet og ekte verdiar – for heile landet.


For meir informasjon:
Steinulf Tungsvik, leiar i Noregs Mållag, 918 05 620 (m)
Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag, 57 68 66 18

Noregs Mållag sender også ut eit lesarbrev om emnet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no