Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Departementa nyttar meir nynorsk!

 (13.05.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 13.05.05. Samla nynorskprosent i proposisjonar og meldingar til Stortinget kom siste året opp i 19 pst.
Nynorskprosenten har aldri vore høgare enn dette.
- Dette er godt nytt for nynorsken. Det er flott at det vert brukt meir nynorsk i departementa, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag.

- Nynorsk er eit godt brukande språk i alle samanhengar, også som byråkratspråk i departementa. Det er viktig at nynorsk vert teke i bruk i alle samanhengar, seier Steinulf Tungsvik. Det er ikkje like bra over heile lina, og Tungesvik er samd med Kulturdepartementets pressemelding som slår fast at fleire departement "må skjerpa seg mykje".

- For oss er det viktig at departementa legg til rette for meir bruk av nynorsk. Etter at Høgre sitt landsmøte har vedteke å svekkja mållova, er det godt å sjå at departementa arbeider for å følgja henne, seier Steinulf Tungsvik.

For meir informasjon:
Steinulf Tungsvik, leiar i Noregs Mållag, 918 05 620 (m)
Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag, 57 68 66 18

KKDs pressemelding:
<a href="http://odin.dep.no/filarkiv/246211/Nynorskstatistikk_2004.pdf">Nynorskstatistikk_2004</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no