Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Overtalte kinesarane til å tilby nynorsk

 (12.05.2005)

Verdas første dvd-spelar med nynorske menytekstar er på marknaden. Det måtte ein sunnmøring til for å overtale kinesarane.
– Eg har i nokre månader arbeidd for å få nynorske menyar på dvd-spelarane vi importerer frå utlandet. Det har ikkje vore enkelt å få kinesarar til å sjå nytteverdien av nynorske val i menyane, men eg klarte det til slutt, fortel Vegard Waldal, innkjøps og
marknadsansvarleg i Datakjeden, ei landsomfattande kjede som sel datautstyr over Internett.

Datakjeden er åleine i Noreg om å kunne tilby dvd-spelar med nynorsk tekstmeny.
– Eg ville selja eit produkt med godt språk, slår han fast. Det betyr at han sjølv med god hjelp frå Språkrådet og Språksmia har utarbeidd nynorsk menyspråk på dvd-spelaren.

Godt språk
Og han har gått nye vegar for å finne gode norske ord for engelske uttrykk. Til dømes er surround-lyd omsett med kringomlyd. Og barnelås, noko ein kan
programmere på dvd-spelaren, slik at den ikkje speler filmar med 18-årsgrense, heiter småfolklås.
– Det er viktig at folk tek i bruk dvd-spelaren, og det er viktig at nynorskfolk gjev tilbakemeldingar
på språket som er brukt i menyane. Dette språket kan oppgraderast i kvar enkelt dvd-spelar etter at han er kjøpt, fortel Vegard Waldal entusiastisk.
Sidan han er ein seljar frå Sunnmøre, så har han teft for sal:
– Og det skal seiast: Dette er ikkje noko skrot, det er verkeleg eit fantastiske produkt!

Denne saka er henta frå Norsk Tidend 3/2005.

Les også <a href="http://www.t-a.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20050512/NYHETER/105120076">Trønder-Avisa</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no