Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kultur og næring på landstinget

 (02.05.2005)

Melding. 02.05.05. Landssamansluttninga av nynorskkommunar har hatt landsting og konferanse i førre veke. Hovudemne var kultur g næring. Les meir i <a href="http://www.ta.no/nyheter/article1564768.ece">Telemarkavisa</a>.

Dette stod i Telemarksavisa:
"Kulturløft for nynorsk-kommunar
«Næringsutvikling og kultur må gå hand i hand» – det var gjennomgangstemaet på Landstinget til Landssammenslutningen for nynorsk-kommunar som var samla på Rauland frå onsdag til fredag.

Og det var eit svært omfattande program deltakarane skulle igjennom dei tre tingdagane. Onsdagen gikk med til opningsforedrag og presentasjonar av blant anna fylkesordfører Gunn Marit Helgesen og foredrag av statssekretær i Kyrkje- og Kulturdepartementet Yngve Slettholm. På kvelden var det kulturinnslag med lokale kunstnarar som Knut Buen og Sondre Bratland.

UTEN FESTIVALAR?
Torsdagen hadde stor bredde i programmet. Formiddagen vart opna med fleire foredrag som tok for seg festivalar, der ein blant anna stilte spørsmålet om ka «Voss hadde vore utan Vossa-jazz». Bytt ut Voss i det utsegnet og ein kan nytta samme spørsmålet for ei lang rekke kommuner i Noreg i dag.

Eit anna sentralt spørsmål var retten til å nytta nynorsk i samkvem og kommunikasjon med det offentlege.

Av særskilt interesse for Telemark var Fyresdals-ordførar Såmund Gjersunds foredrag om «nederlandar-prosjektet», som vert plassera i kategorien «innvandrarkultur».

FYRESDALS RØYNSLER
- Eg fortalde korleis me hadde handsama heile prosjektet frå byrjing til no, og la og vekt på ka detta har hatt å seia for kommunen, sier Såmund Gjersund til TA.

– No er nok våre erfaringer som innflyttarkommune svært ulik dei kommunane som har asylmottak og slikt, og det var jo og eit viktig tema her på Tinget.

Fyresdal er elles ikkje medlem av Landssammeslut-ningen for nynorsktalande kommunar, fortel Gjersund.
– Me har vore medlem, og utmeldinga skjedde før mi tid. Det var ei tid da me kutta ned på medlemskap i foreningar med ikkje så noko direkte nytte i å vera medlem av. No ser eg jo nytten i å vera medlem her, og det kan godt hende me melder oss inn att.

NYNORSK-AMBASSADØR
Det vert og knytta interesse til at forfattarar og kunstnererar i aukande grad nytter nynorsk. Forfatterstanden har i dei seinere åra fått fleire markante stemmer, blant dei Linda Eide og Olaug Nilssen, som både var til stades på Tinget.

Andre stikkord for Tinget var nynorsk og IKT, bruk av nynorsk i vaksenopplæringa, nynorskens plass i reiselivet og matkulturen.

Torsdagskvelden vart markera med konsert med ein av dei mest framifrå nynorsk-ambassadørane i Noreg det siste året – Vinjes eigen Odd Nordstoga.

Av: Tom W. Reiersen

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no