Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

På tokt for nynorsk i Dagbladet og VG

 (29.04.2005)

Melding. På ein solrik dag i juni reiste Firda Målungdom på tur til Eid vidaregåande skule for å samle inn underskifter til kampanjen; Slepp nynorsken til! Hilde-Caroline Roset, nyvald leiar i Firda Målungdom, fekk med seg tre andre jenter frå laget.

Dei andre jentene var Eli-Johanne Mjellem, Tora Tokvam Drægni og Oda Heimdal. Eli-Johanne hadde vore med på ulike informasjonsrunde på Firda vidaregåande skule før, medan Oda, Tora og Hilde-Caroline tok utfordringa for første gong. Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag var sjåfør.

På Eid vidaregåande skule hadde læraren sett saman eit opplegg der målungdomen fekk møte flest mogleg av elevane i løpet av dagen. Elevrådsleiaren hadde hengt opp plakatar over heile skulen, der bodskapen var klar; no måtte folk signere på oppropet for nynorsk i Dagbladet og VG.
Utstyrt med flotte kvite og raude T-skjorter og materiell var alt klart til informasjonsrunder.

<!--@bilde 18917,h,5,5@--><img src="http://www.nm.no/bilder/nframfoering_.JPG" width=180 height=142 hspace=5 vspace=5 align="right" border="0" alt="Framføring*">Opningsreplikk
- Hei! Eg heiter Hilde-Caroline og vi kjem frå Firda Målungdom. Norsk Målungdom er ungdomsrørsla til Noregs Mållag og vi arbeider for rettferd for nynorsken. Ein av måtane vi arbeider på er at vi lagar aksjonar! Dette var opningsreplikken til Hilde-Caroline. Deretter følgt Oda opp med å fortelje om kampanjen; Slepp nynorsken til! Etter henne var det Tora som greip ordet;
- I Noreg er det om lag 600 000 som brukar nynorsk til dagleg. Det er rettferdig at desse får lese nynorsk i VG og Dagbladet, seier Tora Tokvam Drægni. Ho la til at ho meinte at rundt 10% nynorsk burde vere ein god start.
Argumenta til jentene vart godt mottekne. Mange av elevane har allereie skrive under på oppropet på internett. I nokre klasser kom elevane og lærarane med spørsmål og då vart det også diskusjonar. Målungdomane måtte mellom anna svare på kvifor vi skal ha to skriftspråk i Noreg, men dei aller fleste skriv under på oppropet som vert sendt rundt i klassene.

Sak i lokalavisa
I storfriminuttet spanderte skulen horn og kaffi. Deretter var tida inne for å kjøyre tverss gjennom sentrum for å kome til yrkesskuleavdelinga til Eid vidaregåande skule.

Der dukka Randi Lunde, journalist i Fjordabladet, opp. Ho var blitt tipsa om saka og ville gjerne skrive om den landsomfattande kampanjen. Etter ei pause i solveggen er det nye runde over heile yrkesskulen før turen gjekk tilbake til Sandane. I alt vart det samla inn heile 188 underskrifter til oppropet!

Og til dei som ikkje fekk sjansen til å signere på onsdag: Ane som er elevrådsleiar på Eid vgs. vil følgje opp dei klassane Firda Målungdom ikkje fekk høve til å stikke innom!

Fleire bilete ligg her:
<a href="http://www.nm.no//bilder/i_ro_.JPG">Pause ved yrkesskulen. F.v: Oda, Hilde-Caroline, Tora og Eli-Johanne</a>
<a href="http://www.nm.no//bilder/i_klassa_.JPG">Bli med på denne kampanjen!</a>
(alle foto: Hege Lothe)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no