Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Pris til Odd Nordstoga

 (29.04.2005)

Melding. 29.04.05. Odd Nordstoga har blitt tildelt pris frå Landssamansluttninga for nynorskkommunar.
- Denne prisen set eg høgt, seier vinnar av LNK sin målbrukspris, musikaren Odd Nordstoga.
- Sjølv om eg er musikar først og fremst, så er det fint å bli verdsett som nynorskmann. Eg trur vel at eg får denne prisen mest av alt fordi eg har klart å halde ein nynorsksong på toppen av hitlistene i fjorten veker.

Spelemannen Odd Nordstoga vart landskjend i fjor då han kom ut med albumet ”Luring” og fekk heile nasjonen til å synga om grisen som står og hyler.
Nordstoga seier at han skriv og syng ikkje på nynorsk for å vera politisk korrekt, men fordi dette er hans språk.
- Det viktigaste for meg, til liks med andre musikarar, er å formidla ein musikalsk bodskap.

- Det er vanskelig å røkte språket sitt, seier prisvinnar Nordstoga.
– Eg prøver så godt eg kan, og spesielt i offentlege samanhengar som i radio og på fjernsyn er det om å gjere å preike eit skikkeleg språk. For meg er det naturleg å preika Vinje-mål, det kjennest ikkje rett å gå over til eit meir bokleg nynorsk.

I grunngjevinga for pristildelinga vert Nordstoga karakterisert som imponerande sta og målbevisst, og musikken hans viser både lun humor og sår refleksjon.
Prisen er eit litografi av kunstnaren Ørnulf Opdahl.

av LNK.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no